Kvinne kjenn din kropp

KVINNE KJENN DIN KROPP Kvinne kjenn din kropp er eit fyrverkeri av ei framsyning! Humor og alvor går side om side, i ei berg-og-dal-bane om noko så kvardagsleg som kropp. Kvinnekropp. Med...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
20.apr
-
kl 18:00

Detaljer

KVINNE KJENN DIN KROPP

Kvinne kjenn din kropp er eit fyrverkeri av ei framsyning! Humor og alvor går side om side, i ei berg-og-dal-bane om noko så kvardagsleg som kropp. Kvinnekropp. Med utgangspunkt i handboka «Kvinne kjenn din kropp», som vart utgjeven på norsk i 1976, har den danske dramatikaren og regissøren Kamilla Wargo laga ei livsbejaende og underhaldande framsyning, som har blitt spelt for fulle hus i Danmark i snart eit tiår. Framsyninga tek føre seg parforhold, samliv, sex, kropp, graviditet, det å vere ufrivillig barnlaus, orgasme, menstruasjon, kvardag, mannen som far, kvinna som mor, mannen som elskar, kvinna som vil drikke, pule og slåst, mannen som holebuar, trening, slanking, ja, og så… fødsel. Det blir ein fødsel der nede på scena óg… (Rykta skal ha det til at fleire besvimte under urpremiera… Tør du å kome?)

Manus og regi: Kamilla Wargo. Co-regi: Thomas Bye Scenografi og kostymedesign: Helle Damgård Lyddesign: Rasmus O. Bunton Lysdesign: Sara Clemmensen Med: Reidun Melvær Berge, Kasper Skovli Botnen

Foto/visuelt uttrykk: Stig Håvard Dirdal

Premiere: 8. mars 2024

Praktisk info

Enjoy-kode: 535359
Type
Scene
Passer for
Ungdom, Eldre, Voksne
Kilde
Eventim

Sponsede linker