E16 Dødsvegen

E16 DØDSVEGEN Møt E16: Ein veg som snirklar seg frå Bergen til Voss. Ein veg som tusenvis av bilistar køyrer kvar einaste dag; fleire med hjartet i halsen. For vegen frå Bergen til Voss har fått...
22.mai
-
kl 19:00

Detaljer

E16 DØDSVEGEN

Møt E16: Ein veg som snirklar seg frå Bergen til Voss. Ein veg som tusenvis av bilistar køyrer kvar einaste dag; fleire med hjartet i halsen. For vegen frå Bergen til Voss har fått det ikkje spesielt hyggelege kallenamnet DØDSVEGEN.

Når Det Vestnorske Teateret går til det merkelege skrittet å lage revy om ein veg (!), så er det fordi dette ikkje er ein vanleg veg. E16 rommar forteljinga som svært mange vestlendingar i meir eller mindre grad har kjent på: Verdiskapinga skjer på Vestlandet - pengane går til Oslo! Kvifor? Er vi mindre verdt?!

No har ministrane igjen hatt kakefest på Arna stasjon og lova milliardar til prosjektet, men: Blir det noko av? Kan vi sleppe jubelen laus? Eller er det nok ein gong berre valflesk? Det er noko av det vi harselerer med i denne revyen. På scenen møter du Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve.

Det blir humor, song og musikk! Høyr songen “E16” (tidlegare kjend som “E6” med DDE), om trailersjåføren som måtte køyre åtte timars omveg på grunn av ras, og ikkje rakk fram til KK i tide. Møt byråkratane som kjempar for at nyvegen likevel ikkje skal bli noko av. Og møt vossingen som mister alle venene sine, og held på å bli skilt, fordi ho ikkje er redd for å køyre på Dødsvegen!.

Stykket er skrive av den svenske dramatikaren Klas Abrahamsson, som mellom anna har skrive: musikalen om Arbeiderpartiet, musikalen om den norske oljeeventyret, musikalen om IKEA - og ei lang rekkje andre prisvinnande framsyningar.

Vi er glade for å ha med oss den erfarne regissøren Catrine Telle. Scenografi og kostymedesign er ved Lise Christensen og koreograf er Hilde Sol Erdal. Begge har jobba mykje ved Det Vestnorske Teateret, blant anna på alle Heim-kapitla.

Praktisk info

Enjoy-kode: 945854
Type
Scene
Passer for
Ungdom, Eldre, Voksne
Kilde
Eventim

Sponsede linker

Tilgjengelige billetter

Onsdag
22/05 2024 kl 19:00
Det Vestnorske Teateret, Hovudscenen Øvre Ole Bulls plass 6
I samarbeid med Eventim