star
star
star
star
star

Ytre Furefjerdingen - Strandasætra frå Indre Furefjerdingen

Følg veg vestover på dyrka mark. I vestenden av marka er det ei grind i gjerdet, og det går tydeleg og brei veg vidare til Ytre Furefjerdingen. Det er om lag 1,7 km frå Indre Furefjerdingen til...
Foto: Gjermund Tomasgard

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 995090
Køyr Fv 664 frå Hjelle/Fossebakken mot Navelsaker, om lag 16 km. Ta av mot Indre Furefjerdingen og følg vegen til du er på tunet, om lag 2,2 km. Grunneigaren, Arne Knut Orvik, mobilnummer 901 34 646, tillét parkering på tunet, men han set pris på at ein tek kontakt for å få avklart eigna stad å parkere.
Type
Turer
Passer for
Barn
Varighet
1 time
Lengde
3.3 km
Vanskelighetsgrad
Enkel
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Følg veg vestover på dyrka mark. I vestenden av marka er det ei grind i gjerdet, og det går tydeleg og brei veg vidare til Ytre Furefjerdingen. Det er om lag 1,7 km frå Indre Furefjerdingen til Ytre Furefjerdingen.

Vegen til Strandasætra går vidare vestover. Etter om lag 70 meter er det skilta mot Strandasætra rett opp bakkane til høgre. Her kan det vere vanskeleg å finne råsa. Eit kort stykke etter at ein passerer under ei kraftlinje, kjem ein inn att på ei tydeleg rås som går vestover og deretter opp ein rygg mot Geitskogegga. Råsa kjem etter kvart inn på ein skogsveg som går til Strandasætra. Det er om lag 1,6 km frå Ytre Furefjerding til Strandasætra.

Sommaren 2017 er Ytre Furefjerdingen og Strandasætra postar i Barnas Turlag på Eid sin Turbotrim; sjå lenke.