star
star
star
star
star

Wittgensteintomta "Austerrike"

Søk den same roen som filosofen Ludvig Wittgenstein fekk i «Austerrike». På denne eigedommen bygde Wittgenstein seg ein hytter der han budde og skreiv i fleire periodar. Høgdeskilnad: 20 m. Følg...

Praktisk info

Enjoy-kode: 509645
Parkerringsplass ved Vassbakken Kro og Camping som ligg 3 km frå Skjolden på riksveg 55 mot Lom.
Type
Turer
Passer for
Eldre, Barn, Voksne
Varighet
1 time
Lengde
2.7 km
Vanskelighetsgrad
Enkel
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Søk den same roen som filosofen Ludvig Wittgenstein fekk i «Austerrike». På denne eigedommen bygde Wittgenstein seg ein hytter der han budde og skreiv i fleire periodar. Høgdeskilnad: 20 m.

Følg traktorvegen frå parkeringsplassen mot elva. Sjå skilt.Gå over brua og følg traktorvegen vidare. Sving til venstre. Følg traktorvegen til du ser o-merking. Følg stien til du er framme. Delar av stien er ujamn og steinut. Du treng gode skor. Vegen til Wittgensteintomta eller "Østerike" som bygdefolket brukte å kalla staden, går gjennom Vaiane. Vaiane er utslåttar for gardane i Bolstad i Skjolden. Før brua kom, vart høyet lagra i løer i området. Etter kvart vart foret så hendta med robåt om sommaren, eller meir vanleg med slede over isen om vinteren. Sjølv om Wittgenstein-huset låg avsides, var det likevel ein god del trafikk forbi på vatnet og på isen. Om vintrane var det mykje folk på isen, også etter at mørket hadde falle på. Somme stader samla det seg gasslommar ("tøyhol") under isen, og det brann kraftig når ein stakk hol og sette fyr på. På vegen til tomta kryssar vi Fortunselva som tidlegare var ei god lakseelv. Siste del av stien opp til tomten er mura, og det er slege ned boltar i fjellet til støtte. Mellom boltane var det festa ein grov løypestreng til å halda i. Dette var nødvendig om vinteren når vegen var dekka av is og snø. Wittgenstein hadde og ein handvinsj til å heisa opp vatn med. Bøtta gjekk på ein vaier ned til vatnet, og fylte seg nå ho trefte vassflata. Deretter sveiva han bøtta opp att. Ein av bukkane til dette vindespelet står framleis. Wittgenstein hadde robåt til å kryssa vatnet med. Elles nytta han isen om vinteren, og somme tider når elva var lita, kunne han va over ved elveosen. Han var ofte nede til sentrum for å senda og ta mot post, og handla. Men i periodar fekk han også varene levert til seg i "Østerike".