Praktisk info
Sponsede linker
Norli - alt i bøker og rekvisita
Tilgjengelige billetter
10/11 2024 kl 16:00
Detaljer
Bjørn Våde arbeider ved personalkontoret til Boliden i Odda. I tillegg driv han med lama, på småbruket Brekke i Skare. Våde har i mange år interessert seg for norsk folketradisjon og historie. Han har tidlegare publisert bøker om alt frå norske spøkelse og skrømt til nyttige planter og folkelege visdomsord. I 2022 gav han ut boka «Fra galgebakke og skafott». I boka tek han for seg utviklinga innan kriminalitet og straff i Noreg - vist gjennom straffesaker frå mellomalderen og heilt fram til moderne tid. I år kjem Bjørn Våde ut med boka «Forbryterne som falt for Samson Isberg si øks». Her vert vi kjende med skarprettar Samson Isberg, som voks opp i Hardanger. Samstundes fortel Våde historiene til dei 15 personane som Isberg tok livet av. Dørene opnar kl. 16.00, og arrangementet startar kl. 17,00. Det vert open kafe.