Vitengarden

Flott og spennande vitensenter og museum - interessant for både barn og vaksne. Her er mange utstillingar og aktivitetar, både ute og inne, i eit flott Jærlandskap. Kafé og butikk.

Detaljer

På Vitengarden vert du invitert til å "læra ved å gjera", til å vera aktiv og utforske naturvitskap og historie på nyare og engasjerande måter. Kor kjem maten vår frå - og kor lenge må dy sykle for å bli kvitt den? Klarer du pakke ost raskare enn roboten? Koss lager du biogass? Og klarer du stå imot orkanen? Kva er ei hestekraft? Utforsk dette og mykje meir på Vitengarden.

"Eg høyrer og gløymer, eg ser og hugsar, eg gjer og eg forstår" seier eit kinesisk ordtak. Slikt kan Vitengarden sin filosofi oppsummerast.

Utstillingane er både ute og inne. Nokre av dei mest populære aktivitetane er vindmaskinen der ein kan kjemme koss det er å stå i ein orkan, vatnekserpimenta, småfeklinikken og garden der ein kjem tett på dyra og får hoppe i høyet.

Vitengarden har óg ei av dei største samlingane av landbruksmaskinar i landet. I utstillinga "Traktorliv" får du sjå nærare på 30 traktorer. Her står alt frå dei første traktorane som vart importert til landet til dei som blei produsert fram til 1960.

På Kvia 4H- og museumsgard kan du bli kjent med dyra som var vanlige på ein norsk gard på 1950- og 1960-talet. Her er det kyr, griser, sauer, hest og høns av norske raser. I våningshuset kan du sjå koss norske gardshus var innreia for 60 - 70 år sidan.

Vitengarden har ein kafé som serverer mat med fokus på lokale råvarer. Vitengarden ligg trass alt i ein av Norges største landbrukskommunar. I kaféen vert det servert både varme og kalde retter, kaker, boller og lapper. Det er óg ein spennande museumsbutikk her.

Tursti Ved Vitengarden ligg Hanabergsmarka Kulturminne- og friluftsområde. Det er eit område med gode turstiger som kan nyttast både vinter- og sommarstid. Nokre av løypene er merka med QR-koder der du blir kjent med dei ulike kulturminnene i området.

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 605682
Følg kartanvisningen mot Nærbø. Ca 30 minutters kjøretur frå Sandnes med bil. Ta tog? Gå av ved Nærbø togstasjon. Frå her er det ein fin spasertur på ca 20 minutt til Vitengarden
Type
Lek & Lær
Passer for
Barn, Ungdom, Eldre, Voksne
Kilde
Enjoy

Omtaler

Reserver plass

Kart