Visekro med Åsmund Nesse

Lydia arrangerar konsert med Åsmund Nesse laurdag 27. mai kl. 14.00 Åsmund Nesse er ein artist og låtskrivar frå Bømlo i Sunnhordland. Med albuma «Lysning» og «Viser frå Vesterland» har han skrive...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
27.mai
2023
kl 14:00

Detaljer

Lydia arrangerar konsert med Åsmund Nesse laurdag 27. mai kl. 14.00

Åsmund Nesse er ein artist og låtskrivar frå Bømlo i Sunnhordland. Med albuma «Lysning» og «Viser frå Vesterland» har han skrive seg inn i ein stolt norsk visetradisjon.

Nesse er godt i gang med å skriva nye låtar til sitt tredje album, og slapp singelen "Ør og fortumla" tidlegare i år.

Artisten frå Bømlo skriv på sin eigen bømladialekt, og opptrer i ulike format, både solo, og med bandet sitt "Smelta Smør". På ein konsert med Åsmund Nesse er det alltid plass til både ein god dose skjemt og alvor. Til Norheimsund tek han med seg gitarar og munnspel, og han gler storleg seg til å framføra sine historiar og viser levande i live for eit nytt og friskt publikum i Hardanger.

Presseomtalar frå "Viser frå Vesterland"

«Liker du viser, bør du sannelig sjekke ut dette albumet. Jeg tror ikke du vil angre på det. Dette er et vakkert pust i en tidvis hard og kantete verden. En verden som absolutt kan trenge flere visesangere. Åsmund er en meget fin visesmed.»

  • Ole Morten Wilhelmsen, The Wilhelmsens

«Songane er komponerte og framførte nært havgapet av ein låtskrivar som kjenner håndverket godt. Visene frå Vesterland kjennes ekte, med ein eigen dempa glød. Dei er tett på det mellommenneskelege og det kvardagslege - kvalitetar det er vel verdt å verne om»

-Øyvind Vågnes, musikkskribent Dag og Tid

Praktisk info

Enjoy-kode: 308741
Type
Konserter
Passer for
Ungdom, Voksne
Kilde
TicketCo

Sponsede linker

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.