Vinterfest på Fagernes: Selma French Bolstad og Anna Ueland

KONSERT: Hilme året rundt og Vinterfest på Fagernes inviterer til konsert på Strandefjorden i oppvarma halvkule med Selma French Bolstad og Anna Ueland. Tid og stad: Fagernes 16. februar klokka...
16.feb
-
kl 19:00

Detaljer

KONSERT: Hilme året rundt og Vinterfest på Fagernes inviterer til konsert på Strandefjorden i oppvarma halvkule med Selma French Bolstad og Anna Ueland.

Tid og stad: Fagernes 16. februar klokka 19.00.

Selma French Bolstad kom hausten 2022 med sin solodebut, «Changes like the Weather in the Mountain» på Grappa Musikkforlag. Albumet er hylla av meldarar!

Selma French Bolstad er kjent frå blant anna det spellemannprisnominerte visejazz-popbandet Masåva og det spellemannsprisvinnande bandet Morgonrode. Ho er songar, felespelar, gitarist og låtskrivar, og på det nye albumet fell vakre og viktige brikker på plass.

Musikken viser beundring for norsk og engelsk folkemusikk, med ei luftig kjensle frå ein ukjend stad. Musikken bevegar seg frå opne landskap og store fjell til gøymde rom med hjarteskjerande skildringar om det enkle og såre.

Selma har hatt konsertar på Moldejazz, Trænafestivalen, Øyafestivalen, Canalstreet, Loaded og Oslo Jazz sommaren 2022, med eige band og med namn som Frøkedal, The Switch og Masåva.

Anna Ueland er pianist og keyboardist innan jazz, pop, funk, folk og hiphop, men spelar og hardingfele i spelemannslag og for seg sjølv.

Anna er med i fleire band, mellom dei Lemur Trio Kristian Enkerud Lien ensemble. Anne er for tida musikar i framsyninga Knutsen og Ludvigsen på Trøndelag Teater.

Konserten er støtta av Norsk Kulturfond.

Velkommen!

#hilme

#jørnhilmestemnet

#hilmeåretrundt

#nordaurdalkommune

#vinterfest

#valdres

Praktisk info

Enjoy-kode: 722346
Type
Konserter
Passer for
Voksne, Ungdom
Kilde
TicketCo

Sponsede linker

Tilgjengelige billetter

I samarbeid med TicketCo

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.