Vinkurs med Merete Bø og lokale matprodusentar

Kva er beste vin til ostane frå Hilde og Joar, som nyleg fekk sølv og gull i Oste-VM? Kva drikk me eigentleg til røykelaks frå Mikal, eller til Sebastian si eiga spekeskinke? Merete Bø gir oss svar...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
01.mar
-
kl 19:00

Praktisk info

Enjoy-kode: 334318
Type
Læring
Passer for
Ungdom, Voksne, Eldre
Kilde
LinTicket

Sponsede linker

Detaljer

Kva er beste vin til ostane frå Hilde og Joar, som nyleg fekk sølv og gull i Oste-VM? Kva drikk me eigentleg til røykelaks frå Mikal, eller til Sebastian si eiga spekeskinke? Merete Bø gir oss svar på dette og meir til på vinkurs 1. mars på Løa i Tønnevik. Merete Bø er sommelier, vinjournalist i Dagens Næringsliv, og forfattar av bøker om mat og drikke. Ho er internasjonalt kjent, og kanskje Norges fremste vinkjennar. Tema på dette kurset er Vin til mat i Ryfylke, lokal ost, spekeskinke og fisk. Kva er best å drikke til, og kvifor er det slik? Ryfylke Gardsysteri, King Mikal Salmon, og Smaken av Ryfylke er med og serverer smaksprøvar av sine produkt. Merete Bø vil føreslå drikke som passar til dei forskjellege rettane, og kvifor det er slik. Ho vil også gi oss fleire forslag, og me skal smake på totalt 5 vinar som ho har valt ut. På dette vinkurset får du foredrag ved Merete Bø, smake 5 forskjellege vinar, varierte drikkeforslag i tillegg til smaking, og prislønt mat frå lokale produsentar. Meir info på http://www.xn--tnnevik-q1a.no/ Velkommen!

Kart