star
star
star
star
star

Vinjarnuten

Vinjanuten ragar mektig over dalen, og kan vere både til sut og glede. Det er nok dei som kunne ønska den der peparen gror når skodda heng tung. Men utan Vinjanuten hadde nok verken staden eller folka...
Foto: By Toba

Praktisk info

Enjoy-kode: 301280
Gå via Prestastølen: Ved Vinjar Skule, ta av hovudvegen. Etter du har passer kyrkja ta av til venstre mellom kyrkja og bedehuset og følg vegen til endes.
Type
Turer
Passer for
Voksen
Varighet
6 timer
Lengde
10.3 km
Vanskelighetsgrad
filters.difficulty.options.krevende
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Vinjanuten ragar mektig over dalen, og kan vere både til sut og glede. Det er nok dei som kunne ønska den der peparen gror når skodda heng tung. Men utan Vinjanuten hadde nok verken staden eller folka som bur her vore som det er i dag.

Sjølv om me ikkje alltid ser toppen, kan me føle at den er der. Omlag 300 høgdemeter opp frå Fiskjetjønsvardane – dei me KAN sjå – står varden. Her kan ein sjå heiar i nord, aust og sør. I vest skimtar ein fjordar og ytst ute havet. Om seinsommaren, når snøen i heia er faren, er det fjell, fjell og fjell. Tidlegare og seinare på året ligg snøen kvit mange stadar.

Frå Prestastølen føl ein merka løype gjennom siste rest av skog mot Øvrastølen, før ein stig jamnt opp gjennom grastuver på ein sti som nokre gonger er der og andre gonger ikkje. Om alle føl dei nye merka, blir vegen her raskt betre! Den siste delen går helst på berg opp ryggen av nuten.

Ein kjenner ein er høgt oppe, for oftast er det ein god fjellbris når ein har varden i sikte. Finn boka og nista og set deg i le bak varden før du tek turen ned igjen.

-Følg du den innteikna ruta ner til Gunntveitåsen frå toppen (http://ut.no/tur/gunntveitåsen ), må du vere oppmerksam på at stien til tider er veldig dårlig markert. Ein kan også då ned i Veka.

Så lenge ein er inne i skogen, ser ein ikkje stort om ein snur seg, men når ein kjem over tregrensa og ein berre har grasbakken på toppen føre seg, då er det luftig og vel vert slitet! Turen er bratt og ganske tung, men adrenalinet gjer at turen går raskt, og trøtt blir ein ikkje før ein set seg i sofaen heime etterpå.

Henta frå Suldal-il.no/ sine nettsider. Sjekk ut http://www.suldal-il.no/?page_id=1656