star
star
star
star
star

Villevika Botnane- Opnaren - Middagsnova- Storemyr

Turen startar frå krysset til den gamle ferjekai på Korsnesvika er det merka med skilt til Opnaren. Stien går opp lia gjennom skogen. God utsikt over Frøysjøen. Oppe på kanten flatar terrenget ut....

Praktisk info

Enjoy-kode: 964897
Rutebåt til Villevika
Type
Turer
Passer for
Voksne, Eldre, Barn
Varighet
4 timer
Lengde
11.4 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Turen startar frå krysset til den gamle ferjekai på Korsnesvika er det merka med skilt til Opnaren. Stien går opp lia gjennom skogen. God utsikt over Frøysjøen. Oppe på kanten flatar terrenget ut. Turen er merka med raude stikker og merke festa på trea opp lia. Oppe på Opnaren er det flott utsikt både sørover til Flora skjergarden og nordover i Frøysjøen.

Turen til Middagsnova - Storemyr: Fortset med å følgje pilskilt til Middagsnova og Storemyr. Ein fylgjer same traseen opp lia til ein får utsikt både mot sør og nord. Då kan ein velje å gå mot aust opp til Middagsnova 560 moh. Det er to litt brattare bakkar, den eine opp ei ur. Turen er godt skilta. Frå Middagsnova er det pilskilt til Storemyr og ein kan kome inn på merka løypa mellom Årebrot og Grytadalen. Her er såleis fleire ruter å velje mellom. Litt aust for Storemyr, litt forbi Grøneggavatnet, kan ein gå ned i Blomringen. Der har Grøfjell Utmarkslag ei hytte som kan brukast til overnatting. Nøkkel kan ein låne ved å kontakte Bremanger kommune. Frå Storemyr kan ein gå ned til Guleskarvatnet og ned Uradalen til Årebrot.