Aktuelle alternativer
Detaljer
VIKING_DEATH_TRAP.EXE CC: 300/350
ID: 18 år
VIKING_DEATH_TRAP.EXE er eit veksande og mildt sagt enigmatisk undergrunnsfenomen
frå Molde: det er ekstrem-trap på romsdalsk med eit lydbilete, tekstunivers og liveshow
utan sidestykke her til lands.
Med eigenprodusert AV-kunst som bakteppe, live BDSM-show og ein intensitet som går
sortmetallen ein god gang er VIKING_DEATH_TRAP.EXE ei ‘in your face’ konsertoppleving
du seint vil gløyme. Den maskerte trapduoen har ein ekstremt lojal og ivrig tilhøyrarskare,
og konsertane er kjende for å være ein lang, konstant moshpit. Ofte med frontfiguren
EGO_JESUS skrikande midt i malstrømmen av elleville konsertgjengarar.
Etter ein ellevill konsertperiode med fleire utsolgte konsertar i både Oslo, Trondheim og
Tromsø eksisterar det liten tvil om at VIKING_DEATH_TRAP.EXE har sementert seg som
ein av dei verkeleg spanande live-actsa her til lands. Gruppa har varsla om nytt materiale
og slapp nyleg singelen SNORTHUG, ein vaskeekte partybanger som har tonesatt
forventningane.I 2023 blir der garantert MEIR_MOLDE_I_MONITOR.