star
star
star
star
star

Vikebygd-Vikestølen-Trodlafjell

Denne turen går frå kyrkja og opp til Vikestølen og der i frå til Vikebygd sitt høgaste fjell, Trodlafjell, 637 m.o.h. og tilbake til Vikebygd direkte frå toppen. Ein går opp mot krysset ved...
Foto: Roald Årvik

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 707815
Turen startar frå parkeringsplassen ved kyrkja i Vikebygd. Ta av frå E134 ved Isvik og følg vegen mot Vikebygd i ca 12 km til ein kjem til kyrkja.
Type
Turer
Passer for
Barn, Ungdom, Eldre, Voksne
Varighet
3 timer
Lengde
11.6 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Denne turen går frå kyrkja og opp til Vikestølen og der i frå til Vikebygd sitt høgaste fjell, Trodlafjell, 637 m.o.h. og tilbake til Vikebygd direkte frå toppen.

Ein går opp mot krysset ved fylkesvegen og tar til venstre der, og tar så til høgre opp grusveg etter ca. 30m. Her heng det og skilt som syner kor det er turløyper. Ein skal følgja skilt mot Vikestølen.

Føl grusvegen rake vegen oppover forbi Vassverket sitt reinseanlegget, her blir det ein god del brattare dei neste 800 metrane opp mot Kleivane. Ved Kleivane så flatar vegen seg ut, og det går jamt oppover mot Longavatnet. Longavatnet ligg på om lag 290 høgde over havet.

Ved Longvatnet så går ein vidare mot Vikestølen på grusvegen som går på sørsida langs vatnet, her er det nokså flatt til enden på vatnet då¨vien stig bratt oppover i Feiensbrekka. På toppen av denne så passerar ein snart Røytetjørn på høgre sida. Så ber det slakt nedover mot Vikestølen.

Frå Vikestølen så er det ca. 2.3 km til toppen på Trodlafjell. Stien er ikkej så godt merka alle stadar, så ein lyt speida lit etter raudmerkja steinar og merkjepinnar.

På Vikestølen så tar ein venstre opp med flaggstanga og føl sti som buktar seg oppover til ein er over skoggrensa etter ca. 500 meter. Etter 200 meter til så passerer ein forbi ein liten varde i sørenden av Smånibbene, her er det og fin utsikt over Longavatnet, No vert det nokså flatt i 300 meter, før terrenget blir noko meir kupert og ein passerar eit lite koseleg tjørn. Vidare frå der så ber det oppover ikkje lat for bratt, heilt til ein kjem til eit skar som er lit bratt og stien er somme plassar litt trong, der den smyg seg forbi nokre store steinar.

Ei lita stund etter ein er komen opp skaret så ser ein toppen av Trodlafjellet for fyrste gong sidan Vikestølen, ikkje lenge etter så skal ein ned ein liten dal før det stien går sørover mot nordre Vassheddene før den svingar vestover øvst i Breiaskar, etter ein har kryssa Breiaskar får ein eit lite bratt parti opp til ein er på sjølve ryggen av fjellettoppen, herifrå er det nokre få hundre meter til toppen og nokså lettgått.

På toppen har ein utsikt i alle himmelretningar, det ligg og ute ein turpostkasse som i sommarhalvåret inneheld ei bok.

Frå toppen kan ein gå vidare mot Trodlanibbå, sjå lenke nedanfor. Men denne turen tar oss ned direkte til parkeringsplassen igjen, uten å gå via Vikestølen.

Ein føl fjellryggen tilbake mot sør, og der ein kom opp på ryggen frå Vikestølen tek ein til høgre og føl stien ned mot Longavatnet på sør/vest sida av fjellet. Enkelte stader er det nokså bratt, og etter vel 1 km gange frå toppen, så er ein ned ved i lita myr der stien deler seg. Her går ein vidare nedover mot sør, ført på noko myrlendt terreng, før stien stuper inn i skogen ned mot Longavatnet. Stien kjem ut på vestsida av Longavatnet. Herifrå går ein grusvegen tilbake til kyrkja.