star
star
star
star
star

Vikafjellet / Vikanipa

På sørsida av Eikefjorden ligg Vikafjellet. Inste toppen i aust er Vikanipa med ei fantasktisk flott utsikt over Eikefjord og bygdene rundt. Om hausten, dersom det har regna ei stund, kan det vere...

Praktisk info

Enjoy-kode: 955051
Turen startar i Sunnarvik ca 5 minutt med bil frå Eikefjord sentrum på FV 542 I Sunnarvik, rett før første motabakken mot Stavang, går det ein skogsveg til venstre som du skal fylgje austover. Her kan du parkere.
Type
Turer
Passer for
Ungdom, Eldre, Barn, Voksne
Varighet
4 timer
Lengde
3.3 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

På sørsida av Eikefjorden ligg Vikafjellet. Inste toppen i aust er Vikanipa med ei fantasktisk flott utsikt over Eikefjord og bygdene rundt. Om hausten, dersom det har regna ei stund, kan det vere både vått i stien og glatt på berga. Gå traktorvegen til endes, ta litt til venstre og følg stien oppover som er merka med raude merker på tre og steinar. Stien er tydeleg i terrenget. Når du kjem til ein hammar kan du gå rundt eller gå opp berget som ser ganske sleipt ut. . Stien er lett å følgje heilt til du er oppe på kanten og gå utover, rett vest. Du skal stort sett fylgje kanten oppover mot nipa. Blir det vankeleg å komme fram er du for langt ute på kanten. Snu og gå tilbake og kom deg litt lengre inn frå kanten. Siste del av stien opp til toppen går på nordsida og er merka med steinar og raude merker. Nesten oppe ved varden tar du til venstre og opp ei renne i berget som krev litt klyving. Vel oppe held du fortsatt til venstre og austover mot varden på Vikanipa og turbokkassa. Det er flott utsyn over bygda og fjorden medan du går oppover.

Vel oppe møter ei fantastisk utsikt deg. Høydalsnipa, Håsteinen og lenger i nord Eitrenipa og Blægja i Askvoll og Kvamshesten / Storehesten i Gaular. I nordaust ser vi Blånipa og Midtbønipa. Vikafjellet er ulent å gå i, men når du først er oppe tek det ein halv time å gå vestover til det høgste punktet som er 647 moh. Her kan du gå vidare ut til Mannen og derifrå ned i Pollen.

Frå Sunnarvik til Pollen er det 4 - 5 km. 1,5 time opp på Vikanipa og 4 timar til Pollen

Sporet er lagt inn 04 06 2019 til toppen der bokkassa er