star
star
star
star
star

Veten

Lett nærmiljøtur, du kan gå både frå Strandli og Djupvik i eit aktivt kultur- og skogslandskap. Om du parkerer i Djupvik kan du følgja ny skogsbilveg og seinare eldre skogsvegar til du er inne på...
Foto: Erik Vangsnes

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 392888
Parkering i Djupvik eller på rasteplass i Skotodden.
Type
Turer
Passer for
Barn, Eldre, Voksne, Ungdom
Varighet
1 time
Lengde
2.8 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Lett nærmiljøtur, du kan gå både frå Strandli og Djupvik i eit aktivt kultur- og skogslandskap. Om du parkerer i Djupvik kan du følgja ny skogsbilveg og seinare eldre skogsvegar til du er inne på sti som fører deg til toppen av Veten (281 moh). Flott utsyn mot Bjørnafjorden i sør og vest og den vesle grenda Djupvik. Turen tilbake kan du ta gjennnom Strandli og Furekamben attende til utgangspunktet.

Turforklaring :

Lett nærmiljøtur i i vekselvis innmark, utmark, bustad- og hytteområde. Stort sett faste og gode stiar og skogsvegar, men det kan vera våte parti. Stort sett et lett terreng men med bratte parti der ein skal vera påpasseleg ved regnver. Ta omsyn til aktivt skogbruk i området. Det er fleire fine korte rundturar og ulike turvariantar.

Strandvik idrettslag har turbokkasse på Veten som du må hugsa å logga deg i.

Andre turar i området Frå Djupvik kan du også gå til Dallandsstølane og mot Vinnes via Dalland.