star
star
star
star
star

Verdalsrunden

Parkering i området ved Bore skule. Turen går så ned til den nye turstien Klepp kommune har laga i samband med kloakken til Gruda og vidare langs Figgjoelva som renn frå Ålgård til Borestranda. Her...

Praktisk info

Enjoy-kode: 364547
Flere muligheter, men vi velger å starte ved Bore barneskule
Type
Turer
Passer for
Ungdom, Eldre, Barn, Voksne
Varighet
2 timer
Lengde
6.4 km
Vanskelighetsgrad
Enkel
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Parkering i området ved Bore skule. Turen går så ned til den nye turstien Klepp kommune har laga i samband med kloakken til Gruda og vidare langs Figgjoelva som renn frå Ålgård til Borestranda. Her ligg og Borekyrkja. Etter mykje strid om kor kyrkja skulle står vart ho bygd på garden Hole i 1891. Turen går deretter gjennom bustadfelt som er utskild frå Boregardane. Lenger oppe er Kleppegardane som har avgitt jord til bustadhus og industri. Utbygging i Boremarka starta på 1950-talet. Seinare kom bygging i ordna forhold og mange fekk seg hus i ”Verdalen”. Folk på Gruda kom tidleg med i skogreisinga på Jæren. Der kom både private planteskular og Rogaland Skogselskap dreiv planteskule på Gruda i lang tid. Området vart planta i siste halvdel av 1800-talet. Mest på kvar gard på Gruda dreiv dei minkavl. Nå er der få att, men dei er store. Sandtak har det og vore på Gruda. Ei tid dreiv dei stor med produksjon av kiselgur, som dei spadde opp or myrane her på 1930-talet. Det ga gode inntekter for grunneigarane. Turen går forbi Grudavatnet som blei verna som naturreservat i 1974 med bakgrunn i det rike fuglelivet. Vatnet er særleg ein viktig lokalitet for rastande og overvintrande fugl. Laksefiske til eige bruk og sal var tidlegare ei inntektskjelde for gardane på Gruda. Også hest og travløp hadde også mange tilhengarar på Gruda..Namnet Gruda betyr stein eller steinet grunn. Frå Gruda går turen tilbake over Grudavarden og bustadområdet i Verdalen.