star
star
star
star
star

Vefjell - Smørdal - Lialoftet - Selivarden

Turen startar øvst på Vefjell. Parkering på snuplassen (ikkje torsdagar, då må bossbilen ha plassen til å snu). Ein kan ellers parkere langs vegkanten der det er mogleg. Turen kan også startes frå...
Foto: Anne Solberg Eikemo

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 773744
Type
Turer
Passer for
Voksne, Barn, Ungdom, Eldre
Varighet
30 minutter
Lengde
4.7 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Turen startar øvst på Vefjell. Parkering på snuplassen (ikkje torsdagar, då må bossbilen ha plassen til å snu). Ein kan ellers parkere langs vegkanten der det er mogleg. Turen kan også startes frå Smisvingen (litt lenger nede i vegen opp til Vefjell, følg skilt og raude merker), eller frå Smørdal (følg grusveg opp, følg skilting og merking vidare).

Frå Vefjell: Følg vegen forbi øvste hus og opp traktorveg, og videre gjennom første grinda. Det er tamme geiter og sau på beitet, lukk grindene og ha hund i band. Ved fyrste grinda: Følg skilt til Smørdal (opp til venstre), og følg raude merker til Smørdal og vidare til Lialoftet og Selivarden.

Turen er godt skilta.

Turen startar på fin sti gjennom skogen, og går vidare opp i fjellet. Lialoftet er eit flott utsiktspunkt mot Austfjorden, Masfjordfjella og Veland, og er ein fin tur i seg sjølv.

Videre går det merka løype til Selivarden, som er det høgaste punktet (395 m.o.h). Her har du ei flott utsikt 360 grader rundt, frå havet i vest, Salhus og byfjella i sør, Mongstad i nord og Masfjorden i aust.

Går ein eit stykke langs fjellryggen mot nord, kan ein følge ei kortare løype ned igjen til Vefjell. Denne er også skilta og merka.

Du kan skrive deg inn i turbok på Smørdal, Lialoftet og Selivarden.

Smørdal og Lialoftet er også to av turane på turkortet til Myking bygdelag. Turkort fåes kjøpt på nærbutikken på Myking.

Hugs godt fottøy, det kan vera blaute parti. Vanskelig å gå dersom det er snø.