star
star
star
star
star

Vedafjell - nærtur i Hå

Minna frå krigen vert levande og nære på Vedafjell. Sjølv om kanonar, artilleri, kasernar og ikkje minst soldatar er vekk for lenge sia, er anlegget i så god stand at ein kan få med noko av alvoret...
Foto: Anne Katrine Lycke

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 236318
Med tog til Sirevåg stasjon. Med bil til Sirevåg stasjon eller tll P-plass nær Vedafjell.
Type
Turer
Passer for
Barn
Varighet
30 minutter
Lengde
1.2 km
Vanskelighetsgrad
Enkel
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Minna frå krigen vert levande og nære på Vedafjell. Sjølv om kanonar, artilleri, kasernar og ikkje minst soldatar er vekk for lenge sia, er anlegget i så god stand at ein kan få med noko av alvoret til krigen når ein vitjar staden. Ved første augekast verkar anlegget ikkje så svært, for kamuflasjen er god.

Anlegget vart bygd av tyskarane under 2. verdskrig som ein viktig del av "Festung Norwegen". Dei sprengte store holer og gonger inn i fjellknausane, og der det var naudsynt, mura dei med sement i same farge som berggrunnen. Om du har med ei lommelykt, er det spennande å gå inn i gongene. Før du veit ordet av det kan du vera ute igjen på eit heilt annan stad enn du kom inn. Oppdagarferd på Vedafjell kan verta spennande, særleg i skumringa!

Nærturen går frå togstasjonen i Sirevåg og fram til parkeringsplassen på Vedafjell. Han er ikkje merkt med raude T-ar slik dei øvrige nærturane i Hå kommune. Årsaka er at det er svært enkelt å finna vegen uansett. Frå Sirevåg stasjon går du opp til Rv. 44 og følgjer sykkel- og gangstien nedover. Eit stort skilt viser at du skal ta av første veg til høgre. Her må du gå ca. 150 m langs skulderen på ein lite traffikert veg før du kjem til P-plassen og stien opp til anlegget.

På P-plassen står det eit stort skilt med kart og skildring av heile anlegget. Oppe på toppen er det lett å forstå kvifor anlegget vart anlagt akkurat her. Her er det beste utsiktspunktet over Sirevåg hamn, og vidare nordover kysten mot Ognasanden og Brusand og sørover til Egersund fyr.