star
star
star
star
star

Vatnedalsvatnet (130 m.o.h.) frå Øvre Vats bedehus

Følg den merka traktorvegen fram til Vatnedalsvatnet – ca 2 km. Rett før du kjem ned til vatnet, tar du av til høgre ned til utløpet av Vatnedalsvatnet. Sjå skilt. Her er stien vidare skilta og...

Praktisk info

Enjoy-kode: 745656
Kjør om lag 1,5 km frå Knapphus mot Ølen langs E 134 til Øvre Vats bedehus som ligg på oppsida av sykkel- og gangstien ved Alvseike. Her står info.tavle m/kart og opplysningar om tur til Krakkanuten og til Vatnedalen og vidare til Austreim i Skjold.
Type
Turer
Passer for
Voksne, Eldre, Barn
Varighet
30 minutter
Lengde
2.8 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Følg den merka traktorvegen fram til Vatnedalsvatnet – ca 2 km. Rett før du kjem ned til vatnet, tar du av til høgre ned til utløpet av Vatnedalsvatnet. Sjå skilt. Her er stien vidare skilta og godt merka gjennom tett ore- og bjørkesk og fram til grensa med Skjold – ca 1 km. Ved grensa finn du ein turkasse til Skjold turlag – skriv deg inn i boka her. Her kan du velja om du vil gå attende til Øvre Vats Bedehus eller om du vil gå vidare på traktorveg heilt fram til E 134 ved Austreim gjennom planteskog av gran-, furu- og lerketre – ca 2,7 km. Traktorvegen herifrå er svært lett og fin å gå på heilt fram.

Terreng: Traktorvegen går gjennom lett blandingsskog heilt fram til Vatnedalsvatnet. Vegen har nokre våte parti innmed vatnet..

Fotøy: Gode tette sko.