star
star
star
star
star

Vassnuten 459 m.o.h.

Alternativ 1. Frå Skjold: Følg merka traktorveg nedanfor første hus. Noko bratt i begynnelsen som flater ut eit stykke før sti. Det står eit rastebord der vegen flatar ut. Ved skilt tar ein av mot...

Praktisk info

Enjoy-kode: 875174
Alternativ 1: Frå Solheimskrysset på E134 retning Ølen køyrer ein ca 800 m. Ta av til venstre frå E134 ved reklameskilt “MECA” og følg vegen til høyre oppover.Parkering på tilvist plass, rett før tunet på garden Tveit, eigar
Kristian Voll.

Alternativ 2: Køyr av E134 i Isvik, retning Vikebygd og følg skilting til Bjordal. Parker ved Bjordalstunet og gå turen derifra.
NB! P – avgift.
Type
Turer
Passer for
Voksne, Eldre, Barn
Varighet
1 time
Lengde
2.9 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Alternativ 1. Frå Skjold: Følg merka traktorveg nedanfor første hus. Noko bratt i begynnelsen som flater ut eit stykke før sti. Det står eit rastebord der vegen flatar ut. Ved skilt tar ein av mot høgre og følgjer merka sti mot toppen. Turkassen ligg ytterst på toppen mot vest. Flott utsikt! Ein kan sjå ned til Longåsdalen og Bjordal. Terreng:Traktorveg 1/3 av vegen, deretter sti mot toppen . Deler av stien er noko myrlendt. Stort sett ope landskap. Ha på godt fottøy.

Alternativ 2. Følg traktorveg innover mot Longåsdalen. Ca 100 m før Longåsdalsvatn, tek du til høgre ved skilt ”Vassnuten rundt”. Følg denne traktorvegen eit godt stykke til skilting mot Vassnuten. Ved Longåsdalvatnet etter ca 500 m av denne traktovegen, vil du finne rastebord. Ved skilt tar du til venstre, og går vidare på merka sti mot toppen. Turkassen ligg ytterst på toppen mot vest. Flott utsikt! Ein kan sjå ned til Longåsdalen og Bjordal.

Vassnuten rundt (ca 3 timar t/r).: Vi tar utgangspunkt i å gå til Vassnuten først. Etter toppturen til Vassnuten, følgjer ein skilta tur vidare til Longåsdalen. Noko myrlendt den første delen. Nedstigningen mot Longåsdalen er bratt, med fin sti. Når ein kjem ned, følgjer ein traktorvegen til venstre. Etter ca 5-600 m, kjem ein til Longåsdalshytta. Her er turkasse og rastebord. Turen går vidare på traktorveg langs Longåsdalsvatnet. Heilt i enden står eit rastebord. Ca 100 m etter rastebord må ein velgje rett traktorveg tilbake til parkering. Anten mot garden Tveit i Skjold eller ned mot Bjordal. Ein kan gå turen i motsett retning. Husk bandtvang og å lukke grindar.