star
star
star
star
star

Vasslia - Fauskevarden - Halbrendsnipa - Reset

Denne turen kombinerar turane til Fauskevarden og Halbrendsnipa, og bind desse saman med stien langs Flotevatna. Turen mellom toppane er ein del av sjufjellsturen i Førde. Ruta kan gåast i begge...

Praktisk info

Enjoy-kode: 313571
Det går buss mellom Førde og begge start/sluttpunkta. Det mest praktiske vil vere å bruke bil og går de fleire saman, kan de parkere ein bil på sluttpunktet og køyre saman til starten. Det er god parkeringsplass både på Reset og ved Nordheitunnelen på rv609.
Type
Turer
Passer for
Voksne, Barn, Eldre
Varighet
3 timer
Lengde
10.6 km
Vanskelighetsgrad
Krevende
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Denne turen kombinerar turane til Fauskevarden og Halbrendsnipa, og bind desse saman med stien langs Flotevatna. Turen mellom toppane er ein del av sjufjellsturen i Førde. Ruta kan gåast i begge retningar, men det er nok mest vanleg å gå austover fordi det gir 'utforbakke' og du endar opp ved E39 øvst i Halbrendslia. Her er det enkelt å møte transport ned att, det går fleire bussruter og avstanden til sentrum er heller ikkje avskrekkande. Same hvilken veg du går ruta er stien tydeleg, den er mykje brukt og merka med rød T på kritiske punkt. Frå parkeringsplassen ved Nordheitunnelen på rv609 går det gårdsvei innover før det går sti vidare over myr og opp mot Fauskevarden. Derfrå går stien ned sørover mot vestre ende av Flotevatna. Der er den er stadvis merka med skifervarder. Vidare følgjer stien ryggen sør for vatnet, går austover og stig svakt opp mot Halbrendsnipa. Herifrå kan du velgje å ta ei relativt bratt rute mot nordaust, mot sentrum. Denne ruta kan være glatt og sølete i nedbørsperiodar. Alternativet er å ta seg ned mot sørvest, og komme ned ved Kalsetvatnet. Herifrå går det skogsveg som kjem inn på Trondhjemske postvei. Denne går nedover til Reset med parkeringsplassar og busshaldeplass.