star
star
star
star
star

Vardetangen - Noregs vestlegaste fastlandspunkt

Merka rundløype på om lag 5 km til det vestlegaste fastlandspunktet i Noreg, Vardetangen, og vidare til flott badeplass i Årvikane, tilrettelagt med bord og toalett. Vegen går vidare på sørvestsida av...

Praktisk info

Enjoy-kode: 971572
Start og sluttpunkt: Ved Vardetangen hurtigbåtstopp eller molokaien i Nordre Fonnesvågen
Parkering: Ved molokaien i Nordre Fonnesvågen, eller ved hurtigbåtstoppen på Vardetangen. Alt etter kvar ein ynskjer å starte turen
Tilkomst med offentleg transport: Buss frå Mastrevik eller buss frå Knarvik over Lindås kan begge nyttast. Eit godt utgangspunkt for turen er hurtigbåtstoppen på Vardetangen. Hurtigbåt til/frå Bergen, Sogn og Nordfjord stoppar her.
Merking: Informasjonstavle ved startpunkt. Skilta og merka etter ny løypestandard.
Høgdeskilnad: 0 – 25 m moh. Samla stigning er ca 50 meter
Tidsbruk: Heile rundturen tar ca 2 timar
Gode råd: Nokre våte parti, bruk høvelege sko.
Er det ein flott dag som eignar seg for eit bad, kan det vera ein ide med stopp i Årvikane og prøve badekleda.
Type
Turer
Passer for
Voksen, Barn, Senior
Varighet
30 minutter
Lengde
4.8 km
Vanskelighetsgrad
filters.difficulty.options.enkel
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Merka rundløype på om lag 5 km til det vestlegaste fastlandspunktet i Noreg, Vardetangen, og vidare til flott badeplass i Årvikane, tilrettelagt med bord og toalett. Vegen går vidare på sørvestsida av Fonnesvågen, forbi fiskevatn (fiskekort) og langs idyllisk bygdeveg attende til parkeringsplass ved Vardetangen hurtigbåtstopp. På Torvneset i starten av løypa, finn du ein husmannsplass med restaurert jordkjellar og ryddingsrøyser. Her er det plassert ut bord og benkar og det er tilkomst på universell utforma veg. Du kan og starte turen ved molo i Nordre Fonnesvåg. Som eit minne frå at du har vore på det vestlegaste fastlandspunktet i Noreg kan du kjøpe deg eit eige sertifikat eller Vardetangent-skjorte. Dette kan du kjøpa hjå Kjelstraumen Vertshus eller hjå servicekontoret på Austrheim kommunehus.