star
star
star
star
star

Varden og Stordalsfjellet

Varden (845 moh) gir flott utsikt over gardane i Gjesdalen, Vassenden sentrum, Jølstravatnet og Tindefjellet. I varden på Varden er det bok som du kan skrive namnet ditt i. Du startar turen i enden...
Foto: Anne Cecilie Kapstad

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 678213
Ta av E39 på Vassenden og køyr fylkesveg 451 inn til fotballbana ved Vassenden skule. Ta av mot Gjesdalen. Følg vegen opp til du kjem til ei bru som går over Gjesdalselva. Like før brua skal du svinge av mot skogsveg der du må betale 40 kr i bompengar. Skogsvegen går nesten opp til Bakkestøylen.
Type
Turer
Passer for
Voksne, Barn, Ungdom, Eldre
Varighet
2 timer
Lengde
2.5 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Varden (845 moh) gir flott utsikt over gardane i Gjesdalen, Vassenden sentrum, Jølstravatnet og Tindefjellet. I varden på Varden er det bok som du kan skrive namnet ditt i. Du startar turen i enden av skogsvegen (kring 550 moh) som går nesten opp til Bakkestøylen. Det er tidvis sti opp til Varden. Du går i noko myrlendt terreng første del før du kjem opp i tørrare lyngterreng når du nærmar deg ryggen. Turen opp til Varden tek kring 30-40 minuttar.

Frå Varden kan du forlenge turen med kring 15-20 minuttar ved å gå i lett terreng på brei rygg til Stordalsfjellet (967 moh). GPS-sporet er lagt raskaste veg midt på ryggen. Om du ønsker kan du gå meir nord-vestleg retning på ryggen og få flott utsikt mot Hjellbrekke og øvste del av Jølster Skisenter. Om du vel å gå i meir sør-austleg retning på ryggen vil du få utsikt over store delar av Gjesdalsdalen og fjella kringom. På toppen av Stordalsfjellet får du utsikt mot toppen av Kvamsfjellet, som er høgste punkt på fjellrekka.

Ein fin rundtur er å gå vidare frå Stordalsfjellet til toppen av Kvamsfjellet, og fortsetje i vestleg retning og runde ned til Amfen og Jølster Skisenter. Dette er ein flott rundtur i relativt lett og oversiktleg terreng, der du vil passere ein del små fjellvatn blant anna.