star
star
star
star
star

Varden

Tettstaden Lyefjell eller litt feilaktig bare Lye ligg på gnr. 23, Lye, og på gnr. 22, Vestly. Med gard meiner me då eit større område som består av fleire gardsbruk. Gardane er ordna etter nummer...

Praktisk info

Enjoy-kode: 445797
Egnet startsted ved parkeringsplass Lye Idrettshall
Type
Turer
Passer for
Eldre, Voksne, Barn
Varighet
1 time
Lengde
5.4 km
Vanskelighetsgrad
Enkel
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Tettstaden Lyefjell eller litt feilaktig bare Lye ligg på gnr. 23, Lye, og på gnr. 22, Vestly. Med gard meiner me då eit større område som består av fleire gardsbruk. Gardane er ordna etter nummer - forkorta gnr. Gardsbruka har såkalla bruksnummer – forkorta bnr. Namnet Lye kjem eigentleg av det gammalnorske ordet for å lyga, men refererer truleg her til tingstad eller sakral samlingsstad. Dei første husa på Lyefjell vart bygde i andre halvdel av 1970-åra.

Denne turen startar ved Fugleparken, like ved Lye stadion, som vart ferdig like etter år 2000. Her er det god parkering. Turen går i skogen langs fotballbanen, til Lye ungdomsskule og vidare mot Lye forsamlingshus fram til undergangen under Lyevegen; den store «ringvegen» på Lyefjell. Når du har kome over gjerdeklyvaren er du på «Prestavegen». Namnet «Prestavegen» har si historie, og presten er med: Lye var prestegard i Time frå omlag 1330 til 1932. Fram til 1926 var Gjesdal kyrkje anneks til (dvs. ein del av) Lye prestegjeld. Prestavegen gjekk frå Lye over Åsen og Edland til Gjesdal, og var fram til 1837 rideveg for presten – og ”tilhaldsstad for skrubben”. I 1837 vart han utbetra til køyreveg. I 1875 vart vegen utbetra på ny. Kommisjonsmedlemmer frå Gjesdal måtte til Lye på møte, og trengde vegen. Det er 18 km frå Lye til Gjesdal kyrkje. Avstanden mellom kyrkjene er 20 km. Prestavegen vart turveg i 2003. Turen vidare går gjennom skogen og ute av den tek du til venstre, så til høgre, opp mot Varden (274 moh.). Her er det flott utsyn over store deler av Jæren. Like inntil «Prestaveien» ligg dei to vindmøllene som første gong vart sette opp i 2004. Dei kunne forsyna opp mot eitt hundre bustader med gullrein straum. Dei som står her i dag er av nyare dato. Kanskje dei kan yta endå meir? Det er òg føreslege å byggja fleire vindmøller der du nå går ... Du får truleg òg ei stadfesting av kvifor det er reist vindmøller akkurat i dette området. Frå toppen av Varden, tek du nordover eit stykke, før du svinger mot venstre over ein gjerdeklyvar. Følg stien i terrenget og gjennom skogen mot bustadområdet og Monsanut barnehage. Her er det mykje byggjeaktivitet. På Lye er det plassen du fortsatt kan få byggja einebustad i kommunen. Ved barnehagen går du mot eit eldre bustadfelt, forbi Ragnestølberget barnehage, vidare gjennom skogen kjem du til brua over Lyevegen, der du tek Hubrovegen og Erlevegen til Kvernfallvegen. Gjennom treklyngene her kjem du tilbake til utgangspunktet ved Fugleparken. Då har du tilbakelagt nærare 6 km – i kupert lende.

God tur - i allslags jærsk vêr!