star
star
star
star
star

Vardeggi, skitur på Gaularfjellet (høgaste punkt 1356 moh.)

Teuren eignar seg som ein vårskitur etter at vegen over Gaularfjellet har opna(i slutten av april eller i mai). Bilturen opp frå Vetlefjorden eller over Gaularfjellet er ei naturoppleving i seg...
Foto: Leif Kapstad

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 308567
Privatbil frå Vetlefjorden eller Viksdalen. Gaularfjellvegen er vinterstengt, men vert brøyta opp til Langestølen på vestsida. Vegen vert oftast opna i april/mai.Ved "Utsikten" er det god parkeringsplass.
Type
Turer
Passer for
Eldre, Ungdom, Barn, Voksne
Varighet
3 timer
Lengde
7.7 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Teuren eignar seg som ein vårskitur etter at vegen over Gaularfjellet har opna(i slutten av april eller i mai). Bilturen opp frå Vetlefjorden eller over Gaularfjellet er ei naturoppleving i seg sjølv. Vegen er kåra til nasjonal turistveg.I området er det mange alternative turar. Turen på Vardeggi kan du ta frå Nystølen eller "Utsikten". Frå "Utsikten" eignar turen seg for toppturski. Langs ryggen ned mot "Utsikten" finn du oftast snø ut mai månad og får mange fine svingar i vårsnøen. Turen eignar seg òg for fjellski. Frå høgaste toppen på Vardeggi er det ikkje så langt til Gottoppshesten(1494 moh.). Langs heile Vardeggi har du flott utsikt over eit alpint landskap rundt Vetlefjorden og den flotte svingete Gaularfjellvegen opp frå dalbotnen. Turen eignar seg òg som fottur om sommaren.