Valkyrien Allstars ute på Nutheim // Supp. Mattis Kleppen og Ottar Kåsa

Oppdatering: Værmeldinga er super, så me har flytta konserten ut og lagt ut fleire billettar for sal. Mattis Kleppen og Ottar Kåsa frå Resjemheia varmar opp. Alt ligg til rette for tidenes...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
21.jun
-
kl 19:00

Detaljer

Oppdatering: Værmeldinga er super, så me har flytta konserten ut og lagt ut fleire billettar for sal. Mattis Kleppen og Ottar Kåsa frå Resjemheia varmar opp.

Alt ligg til rette for tidenes låvefest når Valkyrien Allstars fêr forbi Nutheim i sommar på si ferd over fjøllet. Me garanterar at publikum ikkje vil skuffe når eit av landets beste liveband unnar seg en stopp langs vegen for å kjenne på korleis det er å spele innst i en krok under nuten på ein omveg langt inne i svartaste grånskogjen. Valkyrien spelar musikk med sitt heilt eiget uttrykk, men at dei har røter i folkemusikk gløymer dei ikkje sjølv om dei leikar seg med tonar som kan likne mistenkjeleg på populærmusikk. Sjølv om bandet har vorte kjent, har vunne prisar og når eit stadig breiare publikum, kan me ikkje sei at dei har blitt «kommerse». Det er konserten på Nutheim beviset på, for lokalet er eigentleg alt for lite for så store stjerner. Fredag 21. juni blir det stappfullt og sveitt på låven på Nutheim.

Bandet består av Tuva Syvertsen, Magnus Larsen Jr, Erik Sollid og Martin Langlie

Dørene opnar kl 19.00

Konsertstart 2/3 Resjemheia ca kl 21.00

Konsertstart Valkyrien Allstars ca kl 23.00

Cover: kr 550,-

Praktisk info

Enjoy-kode: 907562
Type
Konserter
Passer for
Voksne, Ungdom
Kilde
LinTicket

Sponsede linker

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.