star
star
star
star
star

Vaksdalsgarden - Trolsanipa

Barnevennleg tur frå Vaksdal kyrkje til Trolsanipa. På Trolsanipa er det flott utsikt over bygda Vaksdal og Sørfjorden. Stien startar rett bak Vaksdal kyrkje, og er merka med raude plasthylser på...
Foto: Linda Lien

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 523932
Frå parkeringsplass ved Vaksdal kyrkje.
Type
Turer
Passer for
Barn
Varighet
1 time
Lengde
0.8 km
Vanskelighetsgrad
Enkel
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Barnevennleg tur frå Vaksdal kyrkje til Trolsanipa. På Trolsanipa er det flott utsikt over bygda Vaksdal og Sørfjorden. Stien startar rett bak Vaksdal kyrkje, og er merka med raude plasthylser på trea. Etter ein slakk start, går stien bratt gjennom skogen. Etter rundt ni minutt jamn gange kjem ein til skilt som viser mot Førstelia, Gubbaholo og Bålhaugen. Her følgjer ein IKKJE skilta, men stien som går rett fram. Turen frå kyrkja og opp til Trolsanipa tek rundt atten minutt, men barn må gjerne ha ein del stopp sidan stien er bratt, så ein må rekna noko lenger tid. Ved å følgja stien vidare, kan ein gå til Bogafjellet og koma ned igjen ved Bogevatn, eller ein kan gå til Blåfjellet.