star
star
star
star
star

Våge til Hellvik

Løypa startar ved Våge Skule, og følgjer hovudvegen mot Langevåg et stykke. Du tek av frå vegen nederst i Liabrekka, ved skilt til Helvik. Turen er merka heile vegen og turen startar på traktorveg...

Praktisk info

Enjoy-kode: 323789
Turen går frå Våge Skule
Type
Turer
Passer for
Eldre, Barn, Voksne
Varighet
15 minutter
Lengde
6.8 km
Vanskelighetsgrad
Enkel
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Løypa startar ved Våge Skule, og følgjer hovudvegen mot Langevåg et stykke. Du tek av frå vegen nederst i Liabrekka, ved skilt til Helvik. Turen er merka heile vegen og turen startar på traktorveg men går snart over til sti. Turen byr både på våte områder og litt fjellklatring av det lette slaget. Du ser Hiskjo og Løklingholmane når stien tek deg ned til Helvika. Dette er ei gammal ferdselsåre mellom Helvik og Vågegardane. Fleire gardar på Våge hadde båt liggande i Helvik og rodde over til Hiskjo til handelsmannen. Den gamle stien var svært tilgrodd og mest uframkommeleg då Våge skule sette i gang eit prosjekt med å få rydda han igjen i 1993. Elevar og lærarar la ned eit stort arbeid med klypping av lyng og buskar, drenering og skilting langs stien. Sidan har løypa vore mykje brukt av bygdafolket. Det er mykje arbeid å halda ei slik turløype ved like og med dei endringane som har komme i læreplanane i grunnskulen, var det ikkje lenger råd for skulen å finna rom for praktiske gjeremål av denne typen. Gutta på tur har no overteke vedlikehaldet av denne fine turløypa. Kjelde: Gutta På Tur