Detaljer
Dørene opnar kl. 1300 Det blir også ei omvisning på nyefabrikken kl. 1300 for dei som ynskjer det Programmet startar kl. 1400 På Kulturscena i 2. etasje blir det opning ved fylkesordførar Jon Askeland. Deretter: Ein konsert med Arne Sølvberg og spelemannslag og songarar i Indre Nordfjord, der dei presenterer folkemusikk som har vandra fram og tilbake over Atlanteren. Kaffipause. Open kafé i Kafé1890 (1.etasje). Sal av bøker. Deretter foredrag av historikar, tidlegare høgskulelektor Rasmus Sunde om utvandringa., han har mellom anna skrive bok om utvandringa frå Stryn kommune. Arrangementet er Nordfjord Sogelag sitt bidrag i den landsomfattande markeringa av 200-årsjubileet for utvandringa til Amerika, og er knytt til vitjing av eit reisefylgje frå Nordfjordlaget i Amerika som kjem på ei rundreise i heile Nordfjord. Sogelaget samarbeider med Stryn Historielag og Hornindal Historielag om tilskipinga. Alle nordfjordingar og andre interesserte er hjarteleg velkomne til arrangementet!
Praktisk info
Sponsede linker
Askeladden navnelapper - rask levering!
Get Inspired - alt i trening og fritid
Magasinet - frilufteksperten siden 1991
Tilgjengelige billetter
21/06 2025 kl 13:00