Utstillinga "Verdas rikaste land"

I januar 2021 flyttar Barnemuseet si fine og høgst relevante utstilling «Å vokse opp i verdens rikeste land: med penger som inngangsbillett» til Garborgsenteret sine utstillingslokale. Gjennom intervju med barn og unge har Barnemuseet dokumentert korleis det er å veksa opp i familiar som tener langt mindre enn gjennomsnittet i Stavanger-regionen. Hovudmålgruppa for utstillinga er barn og unge, men dette er ei utstilling alle bør få med seg. Under Garborgdagar vert Verdas rikaste land-utstillinga presentert for eit vakse publikum. Journalist og forfattar Sven Egil Omdal vil innleiingsvis snakka om fattigdom i Stavanger, med vekt på barnefattigdom. Etterpå blir det høve til å gå inn i utstillinga.
Foto: Helle Navratil
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.

Detaljer

I januar 2021 flyttar Barnemuseet si fine og høgst relevante utstilling «Å vokse opp i verdens rikeste land: med penger som inngangsbillett» til Garborgsenteret sine utstillingslokale. Gjennom intervju med barn og unge har Barnemuseet dokumentert korleis det er å veksa opp i familiar som tener langt mindre enn gjennomsnittet i Stavanger-regionen. Hovudmålgruppa for utstillinga er barn og unge, men dette er ei utstilling alle bør få med seg. Under Garborgdagar vert Verdas rikaste land-utstillinga presentert for eit vakse publikum. Arne og Hulda Garborg kjempa sjølv kampen mot sosial urettferd og fattigdom, som i samtida ofte vart rettferdiggjort av både borgarskap og teologar. Journalist og forfattar Sven Egil Omdal vil innleiingsvis snakka om fattigdom i Stavanger, med vekt på barnefattigdom. Etterpå blir det høve til å gå inn i utstillinga.

Praktisk info

Enjoy-kode: 311177
Type
Attraksjoner
Passer for
Barn, Ungdom, Voksne, Eldre
Kilde
Enjoy

Omtaler

Reserver plass