star
star
star
star
star

Utslettefjellet

Dette er ein topptur til Utslettefjellet ved Sagvåg. Toppen er på 252 meter over havet. Såleis er det ikkje mellom dei høgaste toppane på øya, men på toppen har du ein fantastisk utsikt utover Stord...

Praktisk info

Enjoy-kode: 742724
Frå E39 køyrer du mot Litlabø og følgjer Litlabøvegen til Åkervikåsen, til høgre når du er komen til badestranda ved Storavatnet. Så følgjer du vegen rett fram, til du har Solidhuset på venstre sida. Du kan også parkera på høgre side rett ved SKL sin transformatorstasjon (N59° 47.223' E5° 24.853'), og spasera innover på grusvegen derifrå.
Type
Turer
Passer for
Barn
Varighet
1 time
Lengde
1.5 km
Vanskelighetsgrad
filters.difficulty.options.middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Dette er ein topptur til Utslettefjellet ved Sagvåg. Toppen er på 252 meter over havet. Såleis er det ikkje mellom dei høgaste toppane på øya, men på toppen har du ein fantastisk utsikt utover Stord og Bømlo.

Turen startar i Hustrudalen. Parker ved Solidhuset, gå forbi fotballbanen og over vegen, der står det eit skilt. Stien går bratt oppover i starten, litt slakare når ein passerer 140 høgdemeter. Vegen opp er merka med raude T'ar. Merkinga ber preg av å vera gjort for lenge sidan, men prøver du å følgja den breiaste stien bør det gå greitt å koma seg fram.

Det finst fleire vegar ein kan gå opp. Ein annan sti startar i Dyvikjo, N59° 47.168' E5° 22.428', og om du ynskjer ein meir utfordrande tur kan du gå frå N59° 46.932 E5° 23.287, ein sti på det brattaste partiet av dette fjellet.