star
star
star
star
star

Utsiktstur til Rødsteinen

I starten går du gjennom blandingsskog opp til "Utsikten". Herfrå snor stien seg ned mot Rødsteinen. Stien nedover er ulendt og bratt, så du må gå forsiktig. Du har nydeleg utsikt mot Fusa, Tysnes...

Praktisk info

Enjoy-kode: 110016
Det er ikkje tilrettelagt parkeringsplass for folk som vil gå denne turen, men det er flott å sykle inn til Rød.
Type
Turer
Passer for
Barn
Varighet
3 timer
Lengde
5.5 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

I starten går du gjennom blandingsskog opp til "Utsikten". Herfrå snor stien seg ned mot Rødsteinen. Stien nedover er ulendt og bratt, så du må gå forsiktig. Du har nydeleg utsikt mot Fusa, Tysnes og Fitjar. Ved Rødsteinen er det restar etter ein gammal husmansplass som du kan lese om når du kjem fram. Ca 200 meter frå husmanssplassen er det skilta inn til Eikjo. Dette gamle eiketreet blei nytta til å røyke fisk og kjøt i då det budde folk på Rødsteinen. Frå Rødsteinen er det skilta mot Lio, og frå Lio vidare tilbake til Rød. Det er fleire fine plassar kor du kan nyte havutsikta saman med nista. Dette er ein flott tur som passar for dei fleste, men det er ganske ulendt frå Utsikten og ned til Rødsteinen. Det kan òg vera litt blautt, så hugs gode sko.