star
star
star
star
star

Utsiktspunkt ved Haugabreen

Denne turen viser stien opp til Haugabreen frå Haugadalen i Stardalen. Stien er mykje nytta av folk som skal på bretur, og er godt merka og varda. Sporet stoppar der utsikta mot Haugabreen er på...
Foto: Anne Cecilie Kapstad

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 169525
Ta av E39 til Fv453 skilta til Stardalen. Køyr vidare til Høyset Camping. Mot avgift kan du køyre ein noko bratt skogsveg opp i Haugadalen.
Type
Turer
Passer for
Eldre, Ungdom, Voksne, Barn
Varighet
4 timer
Lengde
3.7 km
Vanskelighetsgrad
Krevende
Sesong
Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Denne turen viser stien opp til Haugabreen frå Haugadalen i Stardalen. Stien er mykje nytta av folk som skal på bretur, og er godt merka og varda. Sporet stoppar der utsikta mot Haugabreen er på det finaste. Det anbefalast at du stoppar turen din her.​

Du startar turen på parkeringa av enden av skogsvegen opp frå Høyset til Haugadalen. Du går i fem minutt og kjem inn til idylliske Haugastøylen. Herifrå følgjer du sti langs breelva som går gjennom det dramatiske brelandskapet. Frå dalføret går stien i noko bratt terreng opp til utsiktspunktet ved Haugabreen. I denne oppstigningane er det ein del laus stein og grus. Tidleg på sesongen i snøsmeltinga, og etter langvarige regnperiodar, kan elva du skal passere vere noko utfordrande. Til vanleg er elva enkel å passere i sommarmånadane. Etter å ha passert elva kjem du inn i eit parti der stien går på svabeg. Desse er gode å gå på så lenge du ikkje stig på dei svarte (sleipe) partia.

Sidan store isblikker kan falle ut når som helst frå breen, som er i konstant rørsle, er det svært farleg å gå for nær ein bre. Også denne. Eit skilt syner deg kvar du skal stogge. Respekter dette skiltet.

Haugabreen er mykje brukt til brevandring og til klatring i blåis. Dersom du skal gå på breen må du ha naudsynt kompetanse og utstyr, eller kjøpe deg guida teneste hjå turoperatørar. Ta kontakt med den lokale turistinformasjonen for informasjon om dette.