UngLåt 2022

Sommarkurs i folkemusikk og folkedans for deg mellom 9 og 18! 6.—8. juli på Sunnfjord Folkehøgskule Send familien din på festival, eller på tur i den flotte Sunnfjordnaturen, og bli med på...
06.jul
-
kl 18:00

Detaljer

Sommarkurs i folkemusikk og folkedans for deg mellom 9 og 18! 6.—8. juli på Sunnfjord Folkehøgskule

Send familien din på festival, eller på tur i den flotte Sunnfjordnaturen, og bli med på UngLåt.

Her vert det kurs i folkedans, hardingfele, fele, trekkspel, toradar og song.

I tillegg vert det fellesøkter, med dans, song, leik og moro.

UngLåt er staden for å møte nye vener, lære nye triks på instrumentet ditt eller på dansegolvet, oppleve Førdefestivalen og få minne for livet!

Instruktørane er blant dei beste som er å oppdrive her til lands, og fleire av dei møter du att som artistar på Førdefestivalen.

Påmelding til Folkemusikklaget, lenke HER.

UngLåt er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane folkemusikklag, Hordaland folkemusikklag og Førdefestivalen.

Praktisk info

Enjoy-kode: 378734
Type
Festivaler
Passer for
Ungdom, Voksne, Barn, Eldre
Kilde
TicketCo

Sponsede linker

Tilgjengelige billetter

I samarbeid med TicketCo