star
star
star
star
star

UNGDOMSHERBERGET–GOMMASKARDET–TRYGLABOTN–MILITÆRLEIEREN

Du går langs austsida eller vestsida av Slondalsvatnet. Ver merksam på steinsprang langs vestsida. Gå buføringsvegen over Gommaskardet ned mot Tryglabotn. Blankskurte fjell går over i frodige lier...

Praktisk info

Enjoy-kode: 281580
Parkering ved Ungdomsherberget. Parkering også ved nedkjørsel vest for Militærleiren
Type
Turer
Passer for
Barn, Ungdom, Eldre, Voksne
Varighet
30 minutter
Lengde
16.2 km
Vanskelighetsgrad
Krevende
Sesong
Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Du går langs austsida eller vestsida av Slondalsvatnet. Ver merksam på steinsprang langs vestsida. Gå buføringsvegen over Gommaskardet ned mot Tryglabotn. Blankskurte fjell går over i frodige lier i Vesetdalen og nedatt til vegen.

Høgdeforskjell 660–1240–570 moh

RUTEFORKLARING Du går vegen til Slondalsvatnet. Frå vegen går det stier både langs vestsida og austsida av vatnet. Stien langs austsida går forbi dei idylliske Slondalsetrane og Bruånistølane. Langs stien på vestsida kan det av og til ramla stein ned frå den bratte fjellsida. Etter brua fortset du opp dalen til høgre mot Gommaskardet. Ved Gommaskardet kan du gå av til Mjølfjellet og Kårdal. Her er det ein stor blokkhellar som kan brukast til kvile. På den andre sida kjem du ned til Tryglabotn kor du kan gå mot Mjølbotn og Hella. Ved «Badnatjødn» er stidele med T-merka sti frå/til Ulvik gjennom Fallet og Tyssedalen. Følgj så den T-merka stien mot Vesete og vidare til militærleiren på Mjølfjell. Ein må vere merksam på at hengjebrua over Raundalselva vert demontert etter haustferien. Det går også ei bru ca 1.5 km lengte vest. Den kan brukast heile året.

NATURFORHOLD Frå Ungdomsherberget og opp til Slondalsvatnet er det mykje lauvskog, hovudsakleg bjørk. Her er det noko tyrihjelm som indikerer rikt jordsmonn. Ved Slondalsvatnet er lauvskogen på austsida av vatnet open og meir kulturpåvirka. På veg opp til Gommaskardet går det etter kvart over til høgfjellsvegetasjon. Langs dalen legg det seg store fonnar om vinteren med Brattefonni i øvste delen. Det rasar ofte ein del snø ned frå den bratte fjellsida. Her er derfor ein god del snøleier med mose, musøyre og hestespreng.

På andre sida av Gommaskardet ned mot Tryglabotnen er det ein god del blankskurt gneis med lite lausmassar og vegetasjon. Ved «Badnatjødn» er det mengder av jettegryter som isen har laga. Dette endrar seg når ein kjem ned mot Vesetvatnet der det igjen vert frodigare på austsida av vatnet. Langsmed vatnet går stien gjennom ei ur kalla Venure som har fint kanta brotstein.

I lauvskogen ser ein at det dukkar opp små grantre. I skråninga opp mot Vesetfjellet står det ein lerk som står imot storm og snø. Frøa kjem frå Ulvik og Raundalen. Nedover frå Vesetvatnet går ein langs småvatn og elv med aure i.

KULTURMINNE Lov om kulturminner [kulturminneloven] - Lovdata

§ 3. Forbud mot inngrep i automatisk fredete kulturminner. Ingen må – uten at det er lovlig etter § 8 – sette i gang tiltak som er egnet til å skade, ødelegge, grave ut, flytte, forandre, tildekke, skjule eller på annen måte utilbørlig skjemme automatisk fredet kulturminne eller fremkalle fare for at dette kan skje.

Denne ruta er rik på kulturminne. Her er fleire stølar, fangstgraver, gluggevardar/offervardar, kvilesteinar, likheller og landemerkar. Ein må ikkje røre stein eller anna på kulturminna, ein del av dei er også automatisk freda.

Kulturminna er merka med namneskilt langs ruten. Sjå også kart.

R13 Slondalen seter Stølen er nemnt i eit pergament (brev) frå 1322. Den var i bruk då, men er truleg endå eldre. I 1340 kjøpte Sigurd på Haaheim i Ulvik ein halvpart av stølen. I 1723 tilhøyrde den Haaheim, Hjeltnes, Kvale, Rondestveit, Vattetveit og Viknes.

R10 Bruåni seter (Brauaonæ)

Da stølen vart utskild frå Slondalen seter i 1816 var det stølshus her. Her stølte Viknes, Øydvin og Haaheim. Det var felles beiter for begge Slondalsstølane Bruåni og Slondal.

R9 Baotaklypet

https://kulturminnesok.no/minne?queryString=http://kulturminnesok.no/fm/baotaklypet-buforingsveg-mjolfjell

Staden ligg på buføringsvegen mellom Ulvik og Slondal som har vore i bruk sidan tidleg på 1300-talet. Staden vert kalla Baotaklypet fordi terrenget der stien går, smalnar av i ein båtfasong her. Her svingar vegen mot nord over nokre sva (bart fjellparti) kor det er bygd to rampar av stein for kyr og hest. Det er sprengt vekk fjell i berget kor den øvste (sørlegaste) står. Truleg er dette den yngste av rampane. Det er også litt oppmuring i svaet nokre meter mot nord.

R8 Gommaskard (3 lokaliteter)

Gommen og klyvjasteinar

https://kulturminnesok.no/minne?queryString=http://kulturminnesok.no/fm/gommen-loftestein

Gommen er ein kvit stein som ligg på leitet (stad med god utsikt) aust for Tryglabotnen ved den gamle buføringsvegen mellom Ulvik og Slondal som har vore i bruk frå før Svartedauden. Her har ein Mjølfjellet i nord, Gommahaugen i søraust og Brattefonni mot Slondal i aust. Gommen måler ca. 40x40 cm og ligg på ein jordfast stein. Den har restar av gamal T-merking på fire sider. Ein gamal varde, også med rødmaling på, står éin meter aust for denne. Tidlegare var det vanleg å løfte av kløven (seletøy for rygglast) her, og leggje den over steinen for at hesten skulle få kvile. Det er mogleg at dei to jordfaste steinane vart brukt som klyvjasteinar som hesten kunne stå mellom når kløven skulle av eller på. Når unggutane klarte å løfte Gommen til brystet var dei sterke nok til å kløve heim ein primkløv (prim er eit osteprodukt) åleine, heitte det.

Gluggevarde

https://kulturminnesok.no/minne?queryString=http://kulturminnesok.no/fm/gommaskard-gluggevarde

Varden står på ein knaus nord for stien/buføringsvegen mellom Tryglabotnen og Slondal, ca. 13 m aust for ein stor steinblokk. Varden er ikkje synleg frå stien der Gommen står. Varden er bygd av bruddstein til eit rom med åpning mot nordaust, med ein låg helle på tvers av åpningen. I rommet fann ein eit rustent spadeblad i 1996.

Blokkheller https://kulturminnesok.no/minne?queryString=http://kulturminnesok.no/fm/gommaskard-blokkheller

Blokka som er stor som eit hus, står på ein avsats/knaus nord for stien. Staden ligg ved buføringsvegen mellom Ulvik og Slondal som har vore i bruk sidan middelalderen, før Svartedauden. Ein gluggevarde står ca. 13 meter mot aust. Blokka har ein stor rydda plass under framspringet på nordsida. Her er stein stabla til meir enn éin meter høgde. På vestsida ligg ein mindre, nedrast mur.

R5 Gluggevarde Tryglabotnen

https://kulturminnesok.no/minne?queryString=http://kulturminnesok.no/fm/gluggevarde-tryglabotn

Varden står på ein haug sør for stien der denne krysser elva frå Tryglabotnen. Stien er også del av dei gamle buføringsvegane frå middelalderen som går i området her. Varden er bygd av bruddstein som eit rom ope mot sør. Desse vardane som er plasserte på leiter (stader med god utsikt) vert også kalla for offervardar, kor det etter tradisjonen skulle leggjast offergåver. Over rommet er det ein vanleg utsjåande varde. Herifrå er det fri sikt til Gommaskard/Gommen kor det også er ein offervarde.

R4 Fangstgrav Tryglabotnen

https://kulturminnesok.no/minne?queryString=http://kulturminnesok.no/fm/fangstgrav-i-veset

I eit søkk i svaene (bart fjellparti) kor stien går mellom Vesetvatnet og Tryglabotnen, ligg ein gjenfylt fangstgrav. Stien gjer ein sving utanom grava. Grava er murt i ei røys av samla stein, slik at når grava var intakt, ville det vere naturleg å gå over den som ei slags bru over søkket. Det er synleg muring i austenden og rester av ledegjerder på nordsida.

Automatisk freda kulturminne.

R3 Badnatjødn – vegkryss/ferdsel og buføringsveg

Badnatjødn er tjernet med dei flotte jettegrytene i svabergene mellom knausen Jeriken og nedgangen til vegen i Fallet. Kirkevegen til Ulvik gjekk her.

Det er ein Likheller ved Fallet. Dette namnet kjem truleg frå sagnet om eit sykt barn som skulle til Ulvik for å døypast, men som vert så dårleg at det måtte døypast undervegs i det som sidan vart kalla Badnatjødn. Vatnet vert også kalla for Karitjødn, som kanskje var namnet på barnet. Ein annan versjon av historien er at kløven barnet låg i, løsna og fell i vatnet då hesten bøyde seg for å drikke.

Badnatjødn er frå boka «Mjølfjell i nær og fjern fortid» 1996, Knut S. Andersen og Christian Hysing-Dahl.

https://kulturminnesok.no/minne?queryString=http://kulturminnesok.no/fm/vesettryglabotnen-buforingsveg

Ein av buføringsvegane mellom Ulvik og stølene i Veset og Mjølbotnen gjekk her i gamal tid. Vegen gjekk opp grusbakken øst for Badnatjødn. Vidare mot Veset gjekk vegen på den slakere nordsida av Jeriken. Til Mjølbotnen gjekk vegen opp svaene mot Tryglabotnen, kor det fortsatt er synlege restar av oppmuringar laga for kyr og hest.

R2 Vesete

https://kulturminnesok.no/minne?queryString=http://kulturminnesok.no/fm/vesete-seter-mjolfjell

Seteren Vesete som er ein Ulvikstøl, kan vera frå før Svartedauden, det same som Mjølbotnsetrene. Stølsdrifta låg nede ei tid grunna snøskred i Tyssedalen omkring 1640 som øydela buføringsvegen. På samme tid vart sjølve sela øydelagt av eit anna snøskred.

Det er to tuftar mellom det nederste selet og det nybygde doet, og ein tuft lengst aust på bøen. Selet nærmast vatnet tilhøyrer Hans Lindebrekke i Ulvik. Den andre delen av setra vart solgt til J. W. Eide/Bergens Tidende i 1910. I samband med BT sitt 150-årsjubileum i 2017 vart denne hytta gjeven i gåve til Bergen og Hordaland Turlag.

R1 Urdlandsstølen

https://kulturminnesok.no/minne?queryString=http://kulturminnesok.no/fm/urdlandsstolen-mjolfjell

Det er i dag tre bruk på Urdlandsstølen. Stølen vart kjøpt av Viking N. Urdland i 1860-åra frå gården Almenningen. Før hadde Urdland brukt Fossen i Rjoanddal til sommerstøl saman med Norheim, en annen bruker i dalen. Det eldste selet på Urdlandsstølen blei flytta dit frå Fossen, og det er mogleg at det blei flytta til Fossen også. Selet er nå riven.

Kristi V. Urdland Hylle (1874-1954) og søstera Marta fekk ein del av Urdlandsstølen i 1914. Dei budde der og dreiv det som eit småbruk. Når folk fra Mjølfjellsiden skulle over Raundalselva, banka dei på løypestrengen for å få hjelp til å komme over. Ellers vada dei.