star
star
star
star
star

Ulvdalen-Heimdal

Gamal ferdselsveg frå Uvdalen til kyrkja i Treungen. 14 km. i vent og lettgått terreng. I Uvdalen budde det folk i fleire hundre år. Der har vore tre bruk, men seinare blei dei slegne saman til...

Praktisk info

Enjoy-kode: 625742
Frå E18 ved Brokelandsheia tek ein av ved avkøyringa til Gjerstad. Etter ca. 10 min. langs Fv 418 er ein komen forbi Gjerstad kyrkje og Holmen gård. Ein køyrer vidare eit par kilometer og kjem til Valle, der eit skilt peiker mot høgre inn på bomveg som går 16 km. inn til enden i Uvdalen. Her er god parkering.
Type
Turer
Passer for
Voksne, Barn
Varighet
4 timer
Lengde
12.2 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Gamal ferdselsveg frå Uvdalen til kyrkja i Treungen. 14 km. i vent og lettgått terreng. I Uvdalen budde det folk i fleire hundre år. Der har vore tre bruk, men seinare blei dei slegne saman til eitt. Garden vart då på ca. 18 000 mål – og dermed ein av dei største gardane i Treungen. Ei tid hadde dei meir enn 20 personar her. Men dei siste flytte ut kring år 1910. Eit hus er flytt til Uvdalsvatnet, men resten har ”ramla” saman. TIPS: Ein bør planleggje turen godt når det gjeld transport. Det kan vere lurt å ha eit samarbeid med andre som kan gå turen i motsatt retning på same tid, slik at ein kan hjelpe einannan med å få fatt i bilane att ved å byttelåne. TUREN: Frå bilvegen i enden av Uvdalsvatnet er det ca 1 km. å gå i T-merka løype inn til hustuftene i Uvdalen. Vidare på gamal umerka sti opp ei bratt li, men derifrå er det lite stigning vidare. Landskapet er delvis skog, men mest er det ope med fin utsikt til alle kantar. Ein får sjå mykje fjell, myrar og vatn. Ein bør særleg leggje merke til dei fine fargane på knattane – av ymse slag lav. Stien er for det meste fast og lett å gå. Sjølv om den delvis er merka med gamle nullingar, bør ein ha med seg kartet til Havrefjell Turlag – ikkje minst for å sjå ymse namn i heia. På kartet er blant anna merka av nokre ”bårekviler” – 30- 40 cm. Høge steinar i ring – stader der dei hadde kvilepausar då dei kom med døde personar i kiste til kyrkjegarden i Treungen. Ein stad ligg det ein del nokså små steinar etter kvarandre på berget til minne om eit brurefylje. Like etter at ein har kryssa bilvegen mellom Heimdal og Haugstøyl, kjem ein til Lonåna. Ein må særleg legge merke til dei utroleg store steinane som ligg i kanten av åna (elva). Dei ligg som eit gjerde for vatn og tømmer under tømmerfløyting. Ein mann har visstnok åleine lagt opp dette gjerdet/denne såkalla skådammen. Etter ei lita stigning kjem ein inn på Rodevegen mellom Heimdal og Felle. Bøndene hadde her kvar sin rode/del av vegen – som måtte haldast i orden sommar som vinter. Kan du tenkje deg ein snøvinter, over heia med treplog og hestar? Ein følgjer Rodevegen den siste biten ned til Heimdal der ein kjem ut på bilvegen ca. 2 km. før Treungen kyrkje.