star
star
star
star
star

Ulvaholen

Ulvaholen er eit lettgått og populært turmål for heile familien på Lesjaleira. Staden ligg heilt nede ved spegelblanke Lågen, og eit besøk hos Avdemsbue kan enkelt kombinerast med ein rusletur ned...
Foto: Marit Svanborg

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 277192
Ein kan parkere og gå frå mange stader, alt etter ynskja lengde å gå. a) Frå Lesja idrettsplass er det 3 km å gå; fyrst etter Lyftingsmovegen ned til Lågen, ta til venstre langs elva til du kjem til Ulvaholen. b) Ein kan køyre ned Lyftingsmovegen frå E136 ved Storhaugverkstaden og ned til elva og parkere der, da er det 1,3 km å gå flatt austover. c) Ein kan parkere ved Lågen etter å ha køyrt ned Avdemsvegen, fyrste nedkøyring frå E136 aust for Avdemsbue og ned til elva. Frå her er det 1,2 km å gå vestover. d) Frå Avdemsbue er det 2,5 km å gå ned Avdemsvegen til Lågen, ta så til høgre og fylg vegen langs elva vestover.
Type
Turer
Passer for
Barn
Varighet
1 time
Lengde
5.6 km
Vanskelighetsgrad
Enkel
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Ulvaholen er eit lettgått og populært turmål for heile familien på Lesjaleira. Staden ligg heilt nede ved spegelblanke Lågen, og eit besøk hos Avdemsbue kan enkelt kombinerast med ein rusletur ned hit. I Ulvaholen har eldsjeler frå Lyftingsmo lagt til rette med ein flott og utstyrsrik gapahuk, solide bord og benker, ein bålplass, vedskjul og utedo.

På seinhausten er det fint å gå hit på ein klar dag med sol. Staden ligg solvendt til på nordsida av Lågen. Ta med noko varmt å sitte på, ein thermos med kakao og litt niste. Eller gå ned til Ulvaholen og opp att til Avdemsbue, der du kan nyte ein velfortent lunsj med friske kinn og ei god kjensle i kroppen etter spaserturen. Det er 2,5 km å gå frå Avdemsbue og ned til Ulvaholen.

Om sommaren kan ein ofte sjå eit yrande fugleliv langs elva her. Det er ein fin badeplass, og det er ein egna stad å ta med barnebarn for å fiske. Her kjem ein tett på elva, men samstundes er ikkje elva stri. Redningsbøye finst på staden.

Til Ulvaholen kjem du deg til fots, med sykkel, barnevogn eller terrenggåande rullestol. Det er grusveg heilt fram. Det er ikkje skilta eller merka hit. Om sommaren kan det vere beitedyr her, hugs da å lat att grindene etter deg om du møter ei lukka grind. Hugs å skrive namnet ditt i gjesteboka som ligg i gapahuken.