star
star
star
star
star

Ulserhaug-Sætrafjellet, Vikebygd

Denne turen startar frå toppen av Ulserhaug 631 m.o.h. og går vestover til Sætrafjellet, 524 m.o.h. til Ulserhaug kan ein koma på fleire måtar, og frå Sætrafjellet går det fleire stiar vidare, sjå...

Praktisk info

Enjoy-kode: 289151
Det er fleire måtar å koma til Ulserhaug på, sjå lenkjer ovanfor.
Type
Turer
Passer for
Eldre, Ungdom, Voksne, Barn
Varighet
1 time
Lengde
2.7 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Denne turen startar frå toppen av Ulserhaug 631 m.o.h. og går vestover til Sætrafjellet, 524 m.o.h. til Ulserhaug kan ein koma på fleire måtar, og frå Sætrafjellet går det fleire stiar vidare, sjå lenkjer nedanfor.

Frå toppen av Ulserhaug så går ein ned frå toppen mot nordvest og fortsett i same leia nord vestover på myrer og nedover tuver og lyng ned mot vest enden av Indre Mørkedalsvatnet. Ned til vatnet er det ca. 1 km. frå toppen.

Ein går langs vatnet og kryssar bekken som renn på vestsida, og tek deretter ned ei bratt og litt urete skrent ned mot Midtre Mørkedalsvatnet, dette går ein langsmed på nordsida, før ein går ned ein bakke mot nordenden på ytre Mørkedalsvatnet. Så er det eit bitte lite stykke opp på ei myr flate, der det er eit vegskilje der, her skal ein ta til venstre, vestover, mot Sætrafjellet.

Ein går først bortover og litt oppover ei myr mot aust enden av Holmavatnet, der ein passerar og stig opp på eit tørrare bergparti. Deretter går stien går inn i eit noko tungt parti, i det den stig oppover mot Bekkjardalsfjell. Ein får her ei god stigning på ca. 300 meter på lyng og tuver, opp mot skaret i Bekkjardalsfjell.

Frå skaret i Bekkjardalsfjell så går det bratt nedover i ca. 60 høgdemeter til ein kryssar enden på ei myr og opp ein liten bakke før det flatar litt ut att mot nordsida av tjørnet nedanfor Sætrafjellet. Derifrå så er det ca. 200 meter lettgådde meter opp til toppen av Sætrafjellet.

Sætrafjellet ligg rett ovanfor og aust for badeplassen Skjeljavika. Her ligg det ein turpostkasse der det er ei bok i sommarhalvåret for den som vil føra inn namnet sitt. Sætrafjeller er topp nr. 4 i den kjende Hardahusen, "6 toppar på ein dag" turen i Vikebygd.