star
star
star
star
star

Ullsteinen

Turane til Kleiva, Kvitefjellet og Ullsteinen startar på Oldevatn Camping. Parkering på nordsida av Gjølelva, sjå kart. Første del av turane er felles. Følg grusvegen til det første gardstunet. Ta...
Foto: Anne Mykløen Sunde

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 228312
Type
Turer
Passer for
Eldre, Barn, Ungdom, Voksne
Varighet
1 time
Lengde
2.2 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Turane til Kleiva, Kvitefjellet og Ullsteinen startar på Oldevatn Camping. Parkering på nordsida av Gjølelva, sjå kart. Første del av turane er felles. Følg grusvegen til det første gardstunet. Ta til venstre opp ved sidan av ei raud løde, og deretter første veg til venstre. Turen til Kvitefjellet er ein familievennleg fjelltur med slakk stigning og god sti. På veg mot Kvitefjellet går du forbi utsynspunktet Kleiva, der du har flott utsikt mot Oldevatnet og Oldevatn Camping. Sjølve Kvitefjellet er eit flatt område i ei lysning i skogen. Her finn du ein ovn du kan fyre bål i om det ikkje er for tørt i terrenget, og benkar du kan ta ein kvil på. I tidlegare tider slo dei graset på Kvitefjellet og frakta dette nedatt til gardane. Sidan det ikkje er vatn i området, har det ikkje vore setredrift på denne sida av Sunde.

Om du vil kan du også ta ein avstikkar til Ullsteinen. Ta av frå stien mot Kvitefjellet like etter du har passert Kleiva. Følg skilting. Ullsteinen er ein stor stein som har rasa ned frå fjellet Kloven. Den ligg på ei stor flate omkransa av høge bjørketre.