Detaljer
Ugras er eit band frå Bø i Telemark som med ei utvida bluegrassinstrumentering lagar og framfører
låtar inspirert av m.a. tradisjonell amerikansk folkemusikk, country og americana/roots samt
norsk/irsk folkemusikk og bluegrass.
Musikken er frisk, livleg og humørfylt, men ikkje utan innslag av sørgmodigheit og melankoli. I alle
høve representerer Ugras sine låtar noko ærleg og jordnært - både når det gjeld tekstar og musikk.
Konsertar med Ugras er ofte sett saman av eigne og andre sine låtar i same sjangerlandskap.
Bandet sine eigne tekstar er skrivne på nynorsk/Bø-dialekt. Bandet er kjend for å skape stor
stemning når dei opptrer.
Ugras består av Torstein Askildt: vokal, gitar, mandolin og munnspel; Stian Dalen: vokal dobro,
mandolin og gitar; Jon Solberg: vokal banjo og fele; Audun Rørmark: fele og vokal; Jørgen
Tellnes: cajun og vokal; Knut Eirik Hult: bass og vokal.
Så kva er Ugras? Jau, som du allereie veit: Friskt og frodig, eigenrådig, tilpasningsdyktig, vilt og
vakkert, noko med solide røter og som kan dukke opp når du minst ventar det!