star
star
star
star
star

Tystadstøylen - Haugsvarden (862 moh). Sandane i Gloppen Kommune.

Det er mange ruter for å gå på Haugsvarden, turen som går via Tystadstøylen er kanskje den aller finaste. Frå parkeringsplassen tar det rundt 5 minutt å gå opp på støylen, der kan ein nyte utsikta...

Praktisk info

Enjoy-kode: 500967
Frå Sandane køyrer ein opp til E39 forbi Nordstranda skule og køyrer skilting mot Kleivane. I fyrste krysset køyrer ein rett fram til Ytre Fjellbygda. Når ein er på Alme (høgste punktet) køyrer ein rett fram og tar av til høgre. Der er skilt til Almskogsvegen.

Etter bompengekassa køyrer ein til vegkrysset som er skilta til Tystadstøylen (køyrer til venstre).

Bompengar.
Type
Turer
Passer for
Barn, Eldre, Voksne
Varighet
2 timer
Lengde
3.3 km
Vanskelighetsgrad
Enkel
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Det er mange ruter for å gå på Haugsvarden, turen som går via Tystadstøylen er kanskje den aller finaste.

Frå parkeringsplassen tar det rundt 5 minutt å gå opp på støylen, der kan ein nyte utsikta over bl.a. Vereide og Anda. Der er eit steinbord og ein benk, så der kan ein setje seg enten ein berre vil ha ein kort tur, eller ein vil gå vidare.

For å gå på Varden går ein vidare opp på Lomhaugane. Der delar stien seg, og ein vel om ein vil gå til Lomvatnet (stien til høgre), eller om ein vil gå den litt kortare ruta. Dette er eit flatt parti før ein går opp siste bakken til Haugsvarden.

Sjølv om Haugsvarden "berre" er på 862 moh har ein nydeleg utsikt! Vi ser mellom anna Sandane, Lote, Hennebygda, Hopland og Innvik. Av fjell kan vi nemne Ryssdalshornet, Traudalsnibba, Morafta, Eikeneshesten, Hyeneshesten, sendaren på Lote, Kyrkjefjellet, Sunndalsnipa, Sunnmørsalpane, Skåla og Snønipa!

Turen tar ca 2 timar t/r