star
star
star
star
star

Tursti til Borgundnuten (462 moh)

Turen startar ved Sjøstovo ved ferjekaien på Borgundøy. Frå Sjøstovo gå vegen oppover mot Brekke skule og vegkrysset på høgste punktet. Ta skogsvegen til høgre rett før krysset. Følg denne 300...

Praktisk info

Enjoy-kode: 199571
Køyr gjennom rundkøyringa på Tofte og ta av mot Sydnes. Parkering ved Sydnes ferjekai for dei som nyttar ferje tur/retur Borgundøy. Du kan også ta bilen over med ferja, og køyra opp til P-plass 150 moh. ved Furehaugen på gamle Aksdalsvegen. Dei som kjem med eigen båt, er velkomne til gjestehamna ved Sjøstovo.
Type
Turer
Passer for
Voksne
Varighet
60 timer
Lengde
7.3 km
Vanskelighetsgrad
Krevende
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Turen startar ved Sjøstovo ved ferjekaien på Borgundøy. Frå Sjøstovo gå vegen oppover mot Brekke skule og vegkrysset på høgste punktet. Ta skogsvegen til høgre rett før krysset. Følg denne 300 meter fram til P-plass, og derfrå på god sti til toppen gjennom Storaskar.

Dersom ein vil forlengja turen og gjera den til ein rundtur, kan ein følgja merka sti på ryggen nedover mot nord. Denne stien går ned til flata ved Kattanakken og ut mot utsiktspunkt mot Aske og Aksdal. Vidare på sti og skogsveg ned til Møllesvik, og på skogsveg attende mot Krekjahaugen og ferjekaien/gjestehamna. Møllesvik er ein idyll, og Krekjahaugen er ein av dei flottaste gravhaugane frå folkevandringstid som er funnen i Sunnhordland.

Turkart Fritidskartet Halsnøy/Fjelberg, målestokk 1:20.000. Til sals hos Buketten, Sæbøvik. Eides Bensinstasjon, Eidsvik. Fjelberg Landhandel, Fjelberg.

Start- og sluttpunkt Ferjekaien/gjestehamna ved Sjøstovo på Borgundøy.

Merking Informasjonstavle ved Sjøstovo/ferjekaien. Nødvendige skilting langs vegen. T-merkinga startar ved P-plassen 150 moh.

Gradering Raud. Middels krevjande, tre støvlar etter DNT-systemet.

Høgdeskilnad 0 - 462 moh.

Tidsbruk 3 timar t/r. 4 timar dersom ein vel rundturen.