star
star
star
star
star

Tursti fra Tonstad til Øksendal – Den gamle postvegen

Dette er ein gamal ferdselsveg mellom Tonstad og Ovedal. Det er ein merka sti som startar ved Friluftsanlegget til Sira-Kvina kraftselskap utanfor Høgåsen bustadområde. Etter noko stigning så går...

Praktisk info

Enjoy-kode: 366712
Riksvei 42, Sving av ved SiraKvina kraftverk og opp til kraftstasjonen.
Type
Turer
Passer for
Voksne, Eldre
Varighet
4 timer
Lengde
7 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Dette er ein gamal ferdselsveg mellom Tonstad og Ovedal. Det er ein merka sti som startar ved Friluftsanlegget til Sira-Kvina kraftselskap utanfor Høgåsen bustadområde. Etter noko stigning så går den sørover langs Forkunndalen. Stien endar i “Nåve” litt innanfor Øksendal.

Undervegs på denne stien er det fleire stadar som har spor frå gamle segn. Det er ein heller/ur i Forkunndalen 750m nord for Løyntjødn, like nord for der Risbakkliè tek av mot aust. Dette er ein heller med ein liten livdemur under steinblokk. Her er plass til ein person, og den vender mot sør. Her budde Geite-Svein. (Frå Den Store Hellerboka, Torfinn Normann Hageland, 2008) Geite-Svein.

Han var opphavleg frå Tonstad, men etter at han hadde gjort noko gale vart han dømd fredlaus. Etter det haldt han seg her i Forkunndalen. For å kunne overleve stal han geiter som gjekk på beite, og slakta dei. Det var difor han vart kalla Geite-Svein. Somme tider var han òg heime kring gardane om nettene for å stela krøter. Etter kvart vart det så mykje steling at folk samla seg for å ta han. Han var varsam med å gjera opp eld om dagane slik at dei ikkje skulle sjå røyken, men til slutt fann dei hòla hans, og dei fekk omringa og fakka han.

Det skal òg vera ei kvilehedle langs stien som har fått namnet “Birthes-spranget”. Det er òg ei flott, gamal furu her med inskripsjonar.