star
star
star
star
star

Turar rundt Moa: Ytre Moa

Området rundt Moa og Ytre Moa er eit mykje nytta nær-turområde, tilgjengeleg til fots frå sentrum av Øvre Årdal eller frå Utladalen. Årdal Turlag har fleire turpostar i ormådet og desse...
Foto: Kristin Hestetun

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 417762
Kjem du med bil er det best å starte turen ved Moa der det er godt tilrettelagt for parkering. Turane til Ytre Moa, Moakamben og Kvile kan alle startast her. Kjem du til fots eller med sykkel kan du også gå via Ytre Moa frå Olmenhagen eller frå Lykkja i Utladalen. Du kan også parkere ved Årdalshallen i sentrum av Øvre Årdal.
Type
Turer
Passer for
Barn
Varighet
1 time
Lengde
5.8 km
Vanskelighetsgrad
Enkel
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Området rundt Moa og Ytre Moa er eit mykje nytta nær-turområde, tilgjengeleg til fots frå sentrum av Øvre Årdal eller frå Utladalen. Årdal Turlag har fleire turpostar i ormådet og desse tilgjengeleg i DNT-appen sjekkUT.

YTRE MOA Alternativ 1: Det enklaste alternativet startar fråparkeringsplassen på Moa og følger grusvegen, ca 300m til du er oppe på Ytre Moa platået. Då går du rett på turposten til Årdal Turlag. Oppe på Ytre Moa er det ei flat rundløype på omlag 1,2km.

Alternativ 2: Du kan og starte vedOlmenhagen og ta trappene opp til Ytre Moa platået. Fortsett rett fram når du kjem opp trappene så går du rett på postkassen til Årdal Turlag. Oppe på Ytre Moa er det ei flat rundløype på ca 1,2km. Begrensa parkering ved Olmenhagen.

Alternativ 3: Startar du fråLykkja i Utladalen fylgjer du sti mot Moa og deretter som alternativ 1 frå parkeringsplassen på Moa. Inga parkering ved Lykkja.

RUNDTUR: RALLAREN - YTRE MOA - RALLAREN Vil du ha ein lenger tur, kan du starte fråRallaren-statuen i sentrum av Øvre Årdal, vidare på sykkelsti fram tilOlmenhagen. Når sykkelstien kryssar bilvegen fylgjer du bilvegen over brua ca 150m fram til trappene tilYtre Moa. Fortsett rett fram når du kjem opp trappene så kjem du rett på turpostkassen til Årdal Turlag. Følg deretter grusveg ned tilparkeringsplassen på Moa og tilbake til Rallaren via grussti tilGamle Kraftstasjonen og vidare på gangsti/fortau forbi Hydro og tilbake tilRallaren.

Gps-spor og høgdeprofil viser ruta frå Rallaren til Ytre Moa og tilbake via Gamle Kraftstsjonen, inkludert rundløypa på Ytre Moa.