star
star
star
star
star

Tur til Kleiva frå Rongved, Vevletveit eller Revheim

Kleiva er ein gamal husmannsplass oppfør Torvelida som ligg i området mellom Revheim, Rongve og Vevle. Turen tek frå 1 til tre timar alt etter om ein går berre til og fra Kleiva, eller vel å gå ein...

Praktisk info

Enjoy-kode: 146850
Frå Rongved startar turen ved Rongved mekaniske verkstad. Frå Vevletveit tek ein opp på veg til venstre når ein kjem til første huset på høgre side for Øyjordsbrune. Frå busstoppet på Revheim går ein vel 100 m sørover på gardsvegen, og tek så inn på skogsveg ved Oppigardsløa. Det er mogleg å finna parkering alle desse stadane.
Type
Turer
Passer for
Barn
Varighet
2 timer
Lengde
4.2 km
Vanskelighetsgrad
Enkel
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Kleiva er ein gamal husmannsplass oppfør Torvelida som ligg i området mellom Revheim, Rongve og Vevle. Turen tek frå 1 til tre timar alt etter om ein går berre til og fra Kleiva, eller vel å gå ein rudtur i heile området.

Turen går på god og synleg skogsveg og er godt eigna for dei fleste. På Kleiva er det godt å vera. Hus og løe står framleis fine.

Vegen mellom Reveheim og Vevletveit er ein del av den gamle bygdevegen mellom Valestrand og Gjerstad. Vegen frå Rongved til Kleive vart og nytta når ein skulle til kyrkje på Gjerstad.

Eit par hundre meter søraust for Kleiva kan ein også koma inn på den merka stigen Rongvedmarka rundt. Føl ein den ender ein ved Korsåsen bustadfelt/Grønskaret.

På vegen mellom Rongved og Kleiva går ein forbi to løer etter gamle bruk og plassar.