star
star
star
star
star

Tur rundt søre delen av Hallandsvatnet

Turen tar til like ved brua på austsida av Hallandsvatnet. Følj stien sørover. Etter ei stund passerer ein grunnane etter husmannsplassen i Markestølen, der det er sett opp informasjonsskilt. Like...

Praktisk info

Enjoy-kode: 607277
Parkering like før brua på vestsida av Hallandsvatnet, der stien tar til. Nærmaste busstopp er på Halland eller Li, ca. 500 meter frå startpunktet.
Type
Turer
Passer for
Eldre, Voksne, Barn
Varighet
1 time
Lengde
4.1 km
Vanskelighetsgrad
Enkel
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Turen tar til like ved brua på austsida av Hallandsvatnet. Følj stien sørover. Etter ei stund passerer ein grunnane etter husmannsplassen i Markestølen, der det er sett opp informasjonsskilt. Like etter kjem ein til grensa mellom gardane Sævdal og Kolås. Der går stien litt oppover, før den går ned igjen mot Hallandsvatnet ved Kolåseidet. På dette stykket kan det vera litt vanskeleg å sjå kvar stien går, men sjå etter gule rundingar som er malte på steinar i terrenget. Følj vegen på andre sida av Hallandsvatnet nordover igjen. Dette er den gamle hovudvegen til Manger som var i bruk fram til slutten av 1800-talet. På Li treff ein bilvegen mot Manger. Ta til høgre ned mot vatnet.

Turen rundt søre delen av Hallandsvatnet er ein relativt lett fottur som kan gåast uansett årstid. Bruk støvlar om det har vore mykje nedbør, då det kan vera enkelte våte parti på turen.

Det er gjedde, aure og røye i vatnet. Fiskekort kan kjøpast hjå Radøy Auto på Manger. Fritt fiske for alle under 16 år. Sjå informasjonsskilt ved brua over vatnet.