star
star
star
star
star

Tur i Skrimfjella med topptur til Styggemannen

Dag 1: Kom fram til Støle parkeringsplass ca kl 23.00 og gjekk innover dei 1,5 km til Ivarsbu. Det var fint vær, så me tok fram soveposene og liggeunderlaget og sov ute på berga mot Store Stølevann....

Praktisk info

Enjoy-kode: 782303
Me hadde eigen bil, og eg er usikkar på korleis ein kjem seg dit med kollektivtransport. Me køyrte langs riksveg 40 frå Siljan mot Kongsberg og svingte av ca 20 min før Kongsberg og køyrte ca 15 min opp i fjella. Undervegs køyrte me forbi ein bomstasjon kor me betalte 55kr for å køyra gjennom - betalte med kort.
Type
Turer
Passer for
Voksen, Barn, Senior
Lengde
21.7 km
Vanskelighetsgrad
filters.difficulty.options.enkel
Sesong
Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Dag 1: Kom fram til Støle parkeringsplass ca kl 23.00 og gjekk innover dei 1,5 km til Ivarsbu. Det var fint vær, så me tok fram soveposene og liggeunderlaget og sov ute på berga mot Store Stølevann.

Dag 2: Vakna opp rundt klokka 10.00 til strålande sol og fint vær.

Byrja å gå innover mot Sørmyrseter ca. kl. 13.00. Halvannan time etterpå endte me opp ved Store kongstjern. Her var det ein fin plass å ta ein liten pause, eta nista vår og koke kaffi/rettikoppen. Etter ein god pause her fortsatte me vidare på den sørlige stien mot Sørmyrseter. Her gjekk me vidare langs den vestgåande stien til me kom til Øvre Urdstjerna. I ein søken etter å finna ein fin plass å slå leir gjekk me langs vatnet. Her var det for det meste myr, trær og generelt dårlige plassar å slå leir - difor fortsatte me oppover stigen mot Styggemann. Til slutt slo me leir ved eit vatn med litt storleik, då hadde klokka blitt rundt 20.00.

I rein gangtid bruka me rundt 3,5 timer frå Ivarsbu til det vatnet me slo leir.

Dag 3: Med steikande sol vakna me klokka 08.00 dagen etter. Me vandra i veg rundt klokka 11:30 opp mot Styggemann. Etter ein del oppoverbakkar og klatring kom me fram til toppen av Styggemann kl 12.15.

Etter ein pause på omtrent ein time vandra me vidare sørover mot Jotefjellet ca. klokka 13.50. I håp om å vera på den same rasteplassen som sist tok me den nordlige stien mot Store Kongstjern, vel framme på rasteplassen fann me derimot ut at me berre ville fortsette. Då gjekk turen via Fantefjell på veg tilbake til Ivarsbu, kor me skulle slå leir. Me tok ein pause på Fantefjell og åt litt, ellers gjekk me berre i veg mot Ivarsbu.

Vel framme på Ivarsbu var me klokka 18.00, og hadde bruka rundt 4 timar på turen tilbake frå vatnet me hadde slått leir.

Dag 4: Me sto opp tidleg og vandra dei 20 minutta det tok frå Ivarsbu til parkeringsplassen.