star
star
star
star
star

Tur frå Nærlandsheimen til Obrestad hamn

Turen går delvis på den gamle kongevegen til Obrestad hamn og tek om lag 1 time ein veg. Langs stranda er tråkk frå folk og fe gjennom mange tusen år og spor etter meir moderne sledar og kjerrer. Kong...

Praktisk info

Enjoy-kode: 965668
Start turen ved Nærlandsparken. Her er det mogelg å parkera. Buss 57 går hit.
Type
Turer
Passer for
Voksen, Barn, Senior
Varighet
2 timer
Lengde
4.7 km
Vanskelighetsgrad
filters.difficulty.options.enkel
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Turen går delvis på den gamle kongevegen til Obrestad hamn og tek om lag 1 time ein veg. Langs stranda er tråkk frå folk og fe gjennom mange tusen år og spor etter meir moderne sledar og kjerrer. Kong Kristian IV sende i 1636 bod om utviding av dei gamle ridevegane til kjørevegar for kjerre og vogn. Over heile Noreg har desse vegane fått namnet «Kongeveg». Turen startar på Nærland. Det Norske Telegrafverket kjøpte eit stort område her og stata radiostasjon i 1913. Frå 1927 blei eigedomen driven som sanatorium og kurbad. Tyskarane tok anlegget under 2. verdskrig. Etter krigen var staden heim for folk frå Finnmark medan nye husvære blei bygd opp. Frå 1948 var det heim for evneveike. No held mellom anna Hå mottakssenter til her. Vidare går turen langs kysten og rullesteinstrender. Dei blir danna der kraftige havbølgjer får «arbeida» i lausmasser frå istida. I storm blir strandvollar bygde opp av det grovaste materialet som bølgjene finn på stranda. I sjølve bølgjesona blir mindre stein og grus flytta opp og ned og forma til flotte glatte rullesteinar. Det er fleire flotte stopp langs vegen: JONSAHUSET- «Jonsahuset» er det staselege sveitserhuset tvers over elva frå Hå gamle prestegard. Det blei bygga tidleg på 1900-talet som fritidseigedom for ein stavangerfamilie som likte laksefiske. HÅ GAMLE PRESTEGARD – Hågarden var bustad for presten i Hå frå om lag 1637 og prestegard frå om lag 1668. Presten hadde tre kyrkjer, den eine rett over elva på Njærheim. Prestegarden blei seld til private i 1921. I 1978 kjøpte Hå kommune sjølve tunet. Frå opninga i 1983 har garden blitt eit moderne kultursenter. Her er det kunstutstillingar, bokhandel, kunstbutikk og kafé som serverer. KANONSTILLINAR OG BUNKERAR FRÅ 2. VERDSKRIG – Under krigsåra var det ikkje direkte krigshandlingar i Hå, men tyske bomber som skulle landa i sjøen, fall fleire gonger ned på land. Restar og spor etter kanonstillingar og bunkerar er framleis godt synlege. Frå Obrestad hamn la fleire skøyter ut med kurs for Skottland. Gestapo rulla opp ei planlagt flukt i 1941. Femten mann frå Jæren mista livet. OBRESTAD FYR – Obrestad fyr blei oppretta i 1873. Ein solid fyrbygning med bustad blei bygd av stein. Fyrlykta var plassert mot vest. I 1903 blei ein flaggsignalstasjon oppretta. Fyret blei automatisert i 1991. Den meteorologiske meldestasjonen er framleis i funksjon. I dag er det ope for publikum med utstillingar om sjølve fyret, 2. verdskrig og skriftande utstillingar innan kunst og historie. Denne turen stoppar ved Obrestad hamn. I 1994 vart hamneområdet og sjøbuene freda som eit kulturminne. Like innanfor nausta er det registret ei stor forhistorisk nausttuft, truleg frå viktingtida. Tekst frå boka "Kongevegen i Hå", Hanne Thomsen/Hå kommune, 1996.