star
star
star
star
star

Tunheim - Solhovden - Sysehagen

Turen startar frå Tunheim, og fyljer sti/skogsvegen oppover mot Solhovden/Ljono. Frå Mjølstølen kan ein ta stien opp til høgre (den rett fram går inn i Sysegjeili) eller traktorvegen til venstre....
Foto: Hilde Underdal

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 488261
Det er råd å parkera ved startpunktet, men all parkering på eige ansvar då det går budskap her det meste av sumaren. Ein kan og starta frå sentrum, fylj Tyssevikvegen til Prestabrekko, ta opp her og fylj skiltinga mot Tunheim / Siderløypa.
Type
Turer
Passer for
Barn
Varighet
20 minutter
Lengde
2.4 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Turen startar frå Tunheim, og fyljer sti/skogsvegen oppover mot Solhovden/Ljono. Frå Mjølstølen kan ein ta stien opp til høgre (den rett fram går inn i Sysegjeili) eller traktorvegen til venstre. Anbefalar stien då ein kan sjå eit gamalt grantre som vart planta der i 1890 åra. Dette står i ned kant av husmannsplassen Ljonakleiv. På toppen står det ei løa, og til høgre for den nedi bakken ligg tuftena etter husmannsplassen.

Her er store opne sletter, og flott utsyn mot Øydve/Håheim og ein ser i Osafjorden. Til venstre for bygninga fortsette stien mot Solhovden eller ned i Sysehagen. Om ein går motsatt, forbi tuftena og inn i skogen kjem ein ned i Sysegjeili.

Fyl stien oppover til Solhovden, stien går opp på høgre side av husa. Ver varsam og ikkje trakk på dyrka mark. Her i frå kan ein fortsetja opp på Gårhovden og vidare til Solsæ.

Fylj bilvegen frå Solhovden, og fortsett ned fylkesvegen frå krysset til Ljono. Etter svingen fortsett ein på skogsvegen/sti ned til venstre forbi husa som ligg der, og kjem då ned i Sysehagen.

Ein kan og fortsetja på fylkesvegen og hamnar då tilbake i sentrum.

Går ein ned Sysehagen hamnar ein ved Syse gard, har de bil på Tunheim, fyljer det bilvegen til venstre, og tar den bratte traktorvegen opp til Tunheim. Eller de går til høgre, tilbake mot sentrum.