star
star
star
star
star

Trondhjemske Postveg - Tippaskogen

Turen går delvis på den verna Trondhjemske Postveg mellom Nordfjord og Sunnmøre, og over fleire gamle setervollar i Hjelmelandsdalen. Dette, og den gamle steinbrua over Ljøsurbrua og merkesteinane...

Praktisk info

Enjoy-kode: 648519
Oppmøtested: Harpefossen, ved skisenteret
Reise med bil: Frå Oslo/Trondheim: Riksveg 15 frå Nordfjordeid mot Måløy. På Haugen (7 km vest for Nordfjordeid), følgjer ein skilt mot Hjelmelandsdalen. Frå Bergen/Ålesund føl ein E 39 til Nordfjordeid, deretter RV 15 mot Måløy til Haugen, ta av mot Hjelmelandsdalen.
Parkering: Stor parkeringsplass ved Harpefossen Skisenter.
Type
Turer
Passer for
Voksne, Eldre, Barn
Varighet
2 timer
Lengde
7.9 km
Vanskelighetsgrad
Enkel
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Turen går delvis på den verna Trondhjemske Postveg mellom Nordfjord og Sunnmøre, og over fleire gamle setervollar i Hjelmelandsdalen. Dette, og den gamle steinbrua over Ljøsurbrua og merkesteinane lags Postvegen, gjev turen til eit kulturhistorisk tilsnitt. Dette er ein rundtur på grus- og skogsveg i relativt slakt skogs- og fjellbeitelandskap. Om sommaren beitar det husdyr (sau, kyr) i området. Turen passar for folk i alle aldre, og ein treng ikkje spesielt utstyr.

Turbeskriving: Turen startar ved parkeringsplassen like nedanfor Harpefossen Skisenter. Den ligg mellom vegen og elva Hjalma. Følg skilting i retning aust mot Brekka, gå eit lite stykke på asfaltveg, over ein ny stor parkeringsplass nedanfor hyttefeltet, og gå deretter over ferista på Postvegen. Herettar følger ein postvegen forbi Naustdalsetra, Bjørhovdesetra og Sevlandsetra, til foten av Brekka. Her tek ein av postvegen inn til høgre på ein nylig opparbeida skogsveg med meir ujavnt underlag. Den svingar mot sør, går opp ein bratt bakke og kjem att på enden av skogsbilvegen innst i Tippskogen. Frå Tippaskogvegen kan ein orientera seg greit mot skiheisane og hyttefeltet på andre sida av dalen. Ein følger Tippaskogvegen heilt til ein kjem til bommen ved Nakkesetra. Heretter går vegen over Kvanndalselva på Tippaskogbrua. Like etter brua svingar hovudvegen til høgre, men ein kan velge å gå den smale gamle setervegen rett fram over Tippasetra. Uansett kva veg ein velger, har ein god utsikt mot utgangspunktet på Harpefossen og p-plassen ved elva. Følg vegen til den går over ferista og brua nedanfor hovudbygningen på Harpefossen tilbake på p-plassen.

Om sommaren beitar det husdyr (sau, kyr) i heile området. Har ein med seg hund skal den haldast i band og ein bør opptre varsamt, på eige ansvar.

Rullestol og barnevogn: I dag kan turen kjøres med rullestol og barnevogn på Postvegen frå Harpefossen til Selvlandsetra, eller på grusvegen frå Harpefossen til enden av Tippaskogvegen. Skogsvegen som bind dei to vegane saman til ein runde er ikkje farbar på hjul foreløpig.

Rundtur: Harpefossen-Naustdalsetra-Ljøsurbrua-Bjørhovdesetra-Sevlandsetra-”Brekkefoten”-Tippaskogen-Nakkesetra-Tippasetra-Harpefossen.